Hopp til innhold

Prøver seg i Kollen til helga - satsar på topp ti-plassering

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL er teken ut til å gå verdscuprenn i skiskyting komande helg. 21-åringen gler seg til å gå med verdas beste skiskyttarar.

Håvard Gutubø Bogetveit

TALENT: Håvard Gutubø Bogetveit (21) skal får prøve seg i Holmenkollen til helga. Han seier det ikkje er umogleg å få til ei topp tu-plassering.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sesongavslutninga i verdscupen går av stabelen i Holmenkollen og blant dei norske som får gå renn denne helga, er Førdianaren Håvar Gutubø Bogetveit.

I helga hadde Gutubø Bogetveit tre topplasseringar i IBU-cupen, noko han trur var med å avgjere uttaket.

– Ein må vise at ein er i form for å få gå i Kollen. Eg må gjere med fortent til den plassen der, seier han og er svært glad for at han får sjansen i Holmenkollen.

Topplasseringar i Italia

Totalt er fire skiskyttarar frå fylket tekne ut til verdscupavslutninga i Holmenkollen. Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik avsluttar si internasjonale karriere der. Også Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø skal gå renna i Oslo komande helg.

Gutubø Bogetveit har akkurat fullført gode Europacuprenn i Martell i Italia.

Frå Italia tek han med seg tre gode plasseringar med førsteplass på sprinten og tredjeplass på jaktstaren og mix-stafetten.

Lars Berger fekk ikkje gå i Holmenkollen neste helg, Gutubø Bogetveit seier det tyder på hard konkurranse om plassane.

Prøve seg på heimebane

– Dette er først og fremst ei viktig erfaring for å sjå korleis det øvste nivået er og det blir veldig moro å prøve seg mot verdas beste skiskyttarar. I tillegg er det jo på heimebane, seier Gutubø Bogetveit.

Førdianaren trur det er mange som kjem for å sjå han når dei får høyre at han skal gå renn i Kollen i helga.

– Det blir veldig kult og forhåpentlegvis kjem det mange tilskodarar for å sjå på, seier han.

Satsar på topp ti

– Akkurat no er eg ganske sliten etter helga. Eg har vore i høgda så det tek litt ekstra hardt på, men eg ser for meg at målsetjinga er å kvalifisere seg til jaktstarten, fortel

Der får dei 60 beste frå sprinten gå, så det bør eg klare og helst ta poeng. Det er vel dei førti beste som tek poeng.

Både skyteformen og den fysiske forma har vore bra i det siste, og han har vore blant dei raskaste i IBU-cupen.

– Viss alt klaffar så er det ikkje heilt umogleg å komme blant topp ti, men det får vi sjå, seier 21-åringen.