NRK Meny
Normal

Her blei gutungar risa offentleg for 150 år sidan

Rising av mindreårige, 10-åringar som sat dagevis i fengsel og kvinner som måtte i kasjotten for å ha fått born utanfor ekteskapet – slik var «kriminalomsorga» i Sogn og Fjordane på 1800-talet.

Vik fengsel

NEDRIG STRAFF: Me blir forferda over offentleg pisking i Saudi-Arabia, men nesten tilsvarande metodar blei nytta ved Vik fengsel for 100–150 år sidan.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

– Det er nesten som om eg må klypa meg i armen for om dette er sant, men det er det, seier Arne Inge Sæbø.

I samband med 150-årsjubileet til Vik fengsel har lokalhistorikaren i Vik vore på Statsarkivet i Bergen og gått gjennom gamle fangeprotokollar, fengselsdagbøker og anna arkivmateriale. Dei fortel om straffemetodar mot kvinner og born, som kunne vera både brutale og nedrige.

«8 til 16 Slag av Riis»

Gutar i fylket under 15 år blei i ein periode sende til Vik fengsel for å bli offentleg risa.

– Tenk deg: Ein gut i Sunnfjord eller Nordfjord som hadde gjort eit simpelt tjuveri; han blei sendt på båten til Vik. Etter dagar på fjorden blei han henta av lensmannen på kaien i Vik og følgd opp på fengselet, inn til vaktmeisteren, ned med buksa, og så fekk han tildelt sine «8 til 16 Slag av Riis» offentleg, med to rettsvitne til stades, som heldt gutungen i kvar sin arm, fortel Sæbø.

Arne Inge Sæbø om Vik fengsel

STRAFF ANNO 1878: Tenk om ein 4.-klassing i dag skulle sitja i fengsel i 32 dagar. Det verkar heilt motbydeleg, seier Arne Inge Sæbø.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I eit fengselsdokument frå 1886 kan ein lesa følgjande: «(…) hvorefter han paa blottet Ryg, tildeles de ham idømte 10 Slag Ris, og derpaa løslades. Retsvidnerne udbetaltes hver 80 Øre, og Retten hævedes.»

Fengsla tiåringar

Då Sæbø las om denne straffemetoden for fyrste gong, tenkte han at det ikkje kunne vera sant, men det var det:

– Me blir forferda over offentleg pisking i Saudi-Arabia og andre regime, men nesten tilsvarande metodar blei altså nytta i Norge og i Sogn og Fjordane for 100–150 år sidan.

I dag er den nedre aldersgrensa for fengsling 15 år. Men denne grensa kom fyrst i 1902. Før den tid blei langt yngre fengsla. Det fann Sæbø eit døme på frå 1878:

– Då var det ein gut frå Vik som sat fengsla i 32 dagar for tjuveri, og han var berre 10 år gamal. Tenk på det – ein 4.-klassing i fengsel i over ein månad! Truleg hadde tiåringen stole av rein naud, for faren var død, og mora sat att åleine med guten og ei eldre syster, så dei hadde det truleg trongt.

Endra syn på born og unge

– Heldigvis har me utvikla oss på dette området, som på mange andre område i samfunnet, seier direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet.

Ho vitja i dag i Vik for å markera at det er 150 år sidan Vik fengsel blei teke i bruk.

Marianne Vollan

150-ÅRSJUBILEUM: Direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet i Vik, saman med Per Sigurd Våge, direktør for fengsla på Vestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kriminalomsorga er på mange måtar spegelen til samfunnet: Straffenivået er eit anna i dag enn den gongen. Me straffar andre lovbrot. Og når det kjem til innhaldet i straffegjennomføringa, tenkjer me nok i sterkare grad på korleis kan me bidra – og motivera – til at den domfelte skal velja eit kriminalitetsfritt liv etter lauslating.

Vollan gjer seg følgjande refleksjonar rundt den offentlege risinga av mindreårige gutar:

– Det viser fyrst og fremst at me har eit endra syn på born og unge. I dag er det gledeleg at me ser ein nedgang i talet på dømde i denne aldersgruppa.

Solvorn, Sogndal eller Vik

Som øvste embetskvinne innanfor norsk kriminalomsorg står fengselsjubilea i kø for Marianne Vollan. Grunnen er at det på 1860-talet blei bygd femti nye fengsel i Norge.

Før den tida var det nemleg lensmannen som kunne bruka eit ledig rom i sitt eige hus som arrestlokale.

– Dette førte til mykje misnøye, både med mat og reinhald. Difor kom ei ny fengselslov i 1857, og nye fengsel kom til etter det. Det einaste fengselet i Sogn og Fjordane hamna i Vik, fortel Sæbø.

– Kvifor Vik?

– Før fengselet blei lagt til Vik, var det årelang strid. Eitt forslag gjekk ut på eitt fengsel i kvart fogderi, så var det snakk om to fengsel, men til slutt enda dei opp med eitt fengsel, og då stod det mellom Solvorn, Sogndal og Vik, men til slutt valde ein altså Vik.

– Vik låg midt i Sognefjorden, og fjorden var ferdavegen den gongen. Vik var midt på 1800-talet ei stor bygd, på storleik med Sogndal. Dessutan fekk ein fengselstomta billig, fire mål til ein pris på om lag 60 tusen 2015-kroner, fortel Sæbø.

Fangeprotokoll 1929

'FENGSEL PÅ VANN OG BRØD': Mange fangar fekk berre brød og vatn, viser fangeprotokollen frå 1929.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Umoral i Sogn

Amtmannen hadde òg ein annan viktig grunn til å leggja fengselet til nettopp Sogn: kriminalitetsstatistikken. I perioden 1853–57 hadde nemleg Indre Sogn 68 fangar per år, Ytre Sogn 21, Sunnfjord 16 og Nordfjord 10.

– Fengselet blei plassert der det var mest kriminalitet, og då landa ein i regionen indre Sogn. Som amtmannen sjølv skreiv: «De fleste fanger kommer fra Sogn, hvilket formentlig, i alle fall i længre fremtid, fremdeles vil blive tilfældet».

– Umoralen i Sogn var altså eit viktig argument for at fengselet hamna i Vik?

– Ja, det blei henta uttalar frå ei rekkje viktige personar: Biskopen sa at moralen stod lågt, og soknepresten i Vik skreiv at umoralen i Vik var frykteleg. Amtmannen skreiv i ei årsmelding at «almuen i Nordre Bergenhuus Amt i almindelighet i moralsk henseende står på et ønskeligt punkt, men herfra må dog undtages Indre Sogn, hvor det dessverre hersker en ikke liden umoralitet».

Kvinner i fengsel – med borna

Gjennomgangen Arne Inge Sæbø har gjort av dei historiske dokumenta viser at folk ikkje sat inne for alvorlege brotsverk i den fyrste tida etter at fengselet blei teken i bruk.

– Det var simpelt tjuveri, tigging, lekamsfornærming, ulovleg fiske, falskneri, ulovleg ølsal, straff for å reist frå arbeid – til dømes på ein gard, det å setja seg opp mot føresette og sambuarskap – som jo var forbode heilt fram til 1972.

Det var flest menn som sat inne bak murane, men òg nokre kvinner.

– Mange av kvinnene blei fengsla fordi dei hadde fått ungar utan for ekteskapet. Ein tidlegare vaktmeister fortel om ei kvinne som var innom årvisst fordi ho fekk sju ungar ulike menn. Ofte hadde dei ungane med seg. Så dette var ei heilt anna tid, seier Sæbø.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast