Telefonen var prisa 1000 kroner billegare enn gjeldande marknadspris. Meir enn 50 personar betalte den avtalte portoen på 150 kroner, men mobilen fekk dei aldri.
Førebels er det berre ein person som har meld guten.
Hans Petter Harlem
Liknande sak i nabokommunen
Under etterforskinga har politiet kome over ein liknande sak i ein nabokommune. Politiet har grunn til å tru at det er samanheng mellom sakene, fordi personane kjenner kvarandre.
Lensmann i Balestrand, Hans Petter Harlem, oppfordrar folk til å vere forsiktige når dei handlar på nettet. - Det er viktig å ha namn og telefonnummer til den du handlar med. Og helst ta direkte kontakt med seljaren, seier han til firda.no.
Vil gjere opp for seg
Harlem seier til NRK Sogn og Fjordane at guten no vil gjere opp for seg. Guten vil ta kontakt med dei han har svindla, og han har allereie betalt tilbake ein del av pengane. Målet er at alle skal få igjen pengane sine.