NRK Meny
Normal

Gut funnen omkomen i Leikanger

Ikkje grunn til å tru at noko kriminelt ligg bak dødsfallet, men politiet etterforskar breitt.

Leikanger dødsfall

ETTERFORSKAR: Onsdag har politiet gjort tekniske undersøkingar på staden. Politiet mistenkjer ikkje at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet.

Foto: 03030-Tipsar

Klokka 13.30 onsdag fekk politiet melding om at det var funnen ein livlaus gut i tenåra i Leikanger kommune i Sogn. Det var forbipasserande som varsla politiet om hendinga.

Politiet veit førebels ikkje kva som ligg bak dødsfallet.

– Vi etterforskar saka breitt, og ventar på kriminalteknisk bistand. Det er ikkje noko grunn til å tru at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet, men vi held alle mogelegheiter opne, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannesen.

Politiet vil no gjennomføre avhøyr, og gjere tekniske undersøkingar på staden.

Næraste familie er varsla om dødsfallet.

Laster kart, vennligst vent...
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå