Hopp til innhold

Gut får privat avlastingstilbod

I fire timar og bak lukka dører diskuterte bystyret i Florø avlastingstilbodet til ein pleietrengande gut.

Bystyremøte i Florø

LUKKA MØTET: Bystyret i Flora brukte fire timar på saka om tilbodet til den utviklingshemma guten. Saka gjekk for lukka dører.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bystyret skulle avgjere om helse- og sosialutvalet sitt vedtak om behandlingstilbodet til den utviklingshemma guten skulle stå ved lag eller ikkje.

Bakgrunnen var at bystyremedlem og leiar i helse- og sosialutvalet Jacob Nødseth ville overprøve sin eigen administrasjon for å gje guten eit privat omsorgstilbod.

Blei kasta på gangen

Eit samla utval gjekk inn for det, men saka måtte godkjennast i bystyret. På vegen dit vart Nødseth kalla inn til kontrollutvalet som gav han kritikk for si handsaming. Før møtet i kveld var det knytt stor spenning til om dette ville bli tema. Det vart det ikkje.

Mot 10 røyster vart møtet lukka. Både pressa, tilhøyrarar og familien til guten vart kasta på dør.

Gir rådmannen fullmakt

Bengt Solheim Olsen

ER RØRTE: Ordførar Bengt Solheim-Olsen seier denne saka har berørt alle dei involverte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar Bengt Solheim-Olsen seier dei har gjort eit vedtak om arbeidsfordeling mellom bystyret og rådmannen.

– Saka om avlasting blir i prinsippet sendt tilbake til rådmannen, men i det eine punktet vårt gir vi rådmannen fullmakt til å gi familien den avlastinga som sikrar stabilitet. Dette skal gjelde fram til eigen bustad er klar, seier han.

I realiteten betyr dette at guten får privat avlastingstilbod til ei eiga leilegheit er klar.

– I dette ligg det ei klar handsrekking til ein familie som vi alle har forståing av at er i ein vanskeleg situasjon, seier ordføraren.

Har berørt alle involverte

Solheim-Olsen seier dette er ei klar handrekning til ein familie i ein vanskeleg situasjon.

– Eg håper familien får det betre. No får dei det private tilbodet dei ønskjer. Rådmannen kan bruke dei pengane som er naudsynte for å gi dei det tilbodet og roa dei treng. Men parallelt må vi ha fokus på dialog når det gjeld langsiktig tilbod.

– De lukka møtet og diskuterte saka i fire timar. Kvifor det?

– Det var veldig stort engasjement. Denne saka har verkeleg gått inn på alle politikarar og administrativ tilsette. Mange ville seie noko og debatten gjekk føre seg i verdige former. Eg føler vi har gjort eit vedtak som vil hjelpe familien i den situasjonen dei er i.

Nødseth ikkje nøgd

Jacob Nødseth

IKKJE NØGD: Jacob Nødseth Jacob Nødseth seier at når eit utval meiner noko, treng det ikkje pakkast inn i vatt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I staden for å rett ut overprøve administrasjon slik helseutvalet ville, har altså bystyret gått inn for at administrasjonen får fullmakt til gje eit privat tilbod. Difor er ikkje utvalsleiar Jacob Nødseth heilt nøgd.

– Vi kan komme med eit kort og konsist vedtak og eg tek til etterretning at bystyret ikkje vil følgje tilrådinga fullt ut, seier han.

Familien skuffa

Advokaten til familien, Odd Bovim, seier dei er skuffa over at det ikkje kom ei endeleg avgjerd i dag på om guten får bli på KOA til han får eigen leilegheit.

– Dei hadde hatt det veldig mykje betre om det hadde vore ei endeleg avklaring. Akkurat no håpar eg at dei får eit vedtak som dei kan føle er bra for dei. Men når dei ikkje har fått det vedtaket enno, vil dei ikkje sleppe jubelen laust, seier advokaten.

– Men når det er sagt, er eg glad for at klientane mine har fått eit tydeleg signal frå politisk hald på at brukaren ikkje skal bu ein annan stad enn det han gjer i dag.

– Kva vil dette innebere?

– Vi vil sjå vedtaket frå rådmannen før vi er endeleg sikre, men betyr det at han får bu på KOA til han får eigen bustad, er det positivt. Andre alternativ ser klientane mine på som heilt uaktuelt, seier Bovim.

– Tøff belastning

Og sjølv om ikkje alle er like nøgd med vedtaket, meiner ordføraren saka har fått ei verdig avslutning.

– Vi føler vi har teke ei avgjerd som tek vare på både prinsippa og den hjartevarmen som eg føler heile det politiske og administrative miljøet har i denne saka. Mediestormen som har vore har vore ei tøff, tøff belastning for alle, seier Solheim-Olsen.

– Kva legg du i det?

– Det har vore harde angrep på politikarar som ikkje bryr seg, på administrasjon som ikkje bryr seg. Og det har sjølvsagt gått inn på dei som føler dei ikkje har delteke på den arenaen der dei kan kome med sitt syn.

– No har vi teke ei avgjerd som eg føler tek vare på familien på ein bra måte, avsluttar han.