Hopp til innhold

Gut (14) seier han vart dytta av sykkelen i fart av to russ

14-åringen var på veg heim på sykkel då to svartruss skal ha skubba han over ende bakfrå. Han enda opp med store skrubbsår over heile kroppen.

Torje teken av russen

TEKEN AV RUSSEN: Slik såg 14-åringen ut etter at han skal ha vorte skubba over ende av to russ.

Foto: privat

– Eg fekk ei melding ifrå dottera mi der det berre sto at sonen min var teken av russen. Då skunda eg meg heim, og der fann eg guten grinande, med oppriven bukse og store skrubbsår, seier Ann Kristin Takle Winterthun.

Ho er mor til 14-åringen frå Florø, som fekk eit ugreitt møte med russen i går. Ifølgje Winterthun hadde sonen ikkje blanda seg med russen, men berre sykla fredeleg heimover då han plutseleg kjente eit dytt bakfrå.

– Han gjekk rett på fortauet, og eg fann han heilt full i skrubbsår på ansiktet, beina og på armane. Rimeleg mørbanka, seier mora.

Det skal ha blitt kasta vassmelon på fleire medlemar av russen, og det er difor dei har vore sinte. Ifølgje sonen er han likevel eit uskuldig offer, han seier at han ikkje har vore med på å kaste melon.

Det var Firdaposten som først skreiv om saka.

Torje blei skadd då han blei teken av russen (Montaske)

STORE SKRUBBSÅR: 14-åringen fekk store skrubbsår etter hendinga i Florø.

Foto: Privat

Har hatt det tøft etter hendinga

Mora fortel at det har vore ei tøff tid etter at hendinga skjedde.

– Men heldigvis har vi fått god oppfølging frå politiet og legevakta. Han har fått prata ut om det som skjedde fleire gonger. Eg håpar berre at ikkje heile mai er øydelagt for han.

Kva synst du om at noko slikt kan skje?

– Det er jo absolutt ikkje greitt. Eg tenkjer at russen har eit omdømmeansvar. Dei driv med terrorliste og terrorveke, og det er mykje snakk om kva dei skal gjere mot folk i russetida. Det fokuset bør snu, dersom dei skal klare å syne fram kor flott ungdom dei er, seier Winterthun.

– Det går ikkje an å halde på slik. Dette er noko vi alle tek avstand frå, seier rektor ved Florø vidaregåande skule, Knut Christian Clausen.

– Veldig dumt at det går ut over all russ

NRK har forsøkt å kontakte svartrussen, men dei har ikkje eigen russepresident i Florø. Russepresident for raudrussen, Viljar Ødelien, seier at han tykkjer det er veldig trist det som har skjedd.

– Det er veldig dumt gjort å gjere noko slikt, særleg når ein tydelegvis ikkje har noko grunn til å gjere det.

Ødelien likar likevel ikkje at nokre brukar denne hendinga til å dømme heile russekullet i Florø.

– Det er tale om to enkeltpersonar, då er det veldig dumt at folk i kommentarfelt kjem med hets mot heile russen i Florø.

Til Firdaposten seier Winterthun at det kan sjå ut til å vera elevar utanfor Florø som stod bak episoden.

Politiet i Florø stadfestar til NRK at hendinga er meldt til dei.