Hopp til innhold

- Vi må vere optimistiske

Optimisme og tru på eige gründerskap, eigen kreativitet og eigne krefter. Det er Gunvald Ludvigsen sin medisin for å snu den negative folketalsutviklinga.

Gunvald Ludvigsen
Foto: NRK

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Gunvald Ludvigsen

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar i fylket for å betale for samferdselsprosjekt?

– Helst ikkje, men der ein kan løyse store prosjekt monaleg raskare enn elles, er det akseptabelt med bompengar. Det er imidlertid ein klar føresetnad at kommunane lokalt og fylkeskommunen går inn for ei bompengeløysing.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Eg og Venstre meiner at det må leggjast opp til fleksible løysingar; sjø- og jordkabel må nyttast der luftspenn kjem i konflikt med busetnad og der inngrepa vert øydeleggjande for naturen.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Eg og Venstre er optimistar. Vi vil ha fokus på at folk i fylket sjølve må ta tak og bidra til å ta vare på - og utvikle - livskraftige lokalsamfunn. Sjølv om statleg politikk knytt til rammevilkår for næringslivet, løyvingar til infrastruktur innan helse, samferdsle og utdanning har stor betydning, må vi stole meir på eige gründerskap, eigen kreativitet og eigne krefter.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Innbyggjarane i Sogn og Fjordane har krav på same spesialisthelsetenestetilbod som i resten av landet. Difor vil Venstre slå ring om sjukehusa våre. Staten må innsjå at geografi, topografi og grisgreindt busetjing krev meir pengar enn til dømes i meir sentrale og tett befolka område på Austlandet. Venstre meiner difor at Helse Førde har eit rettkome krav om større løyvingar til sjukehusdrifta.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Eg vil arbeide for at den planlagde 420 kV-kraftlina tvers gjennom fylket vert lagt i sjø- og jordkabel i størst mogleg grad. Eg vil og arbeide for større gjennomslag nasjonalt for den svært miljøvenlege energikjelda fjordvarme. Vi vil og arbeide for ein grøn sertifikatmarknad som gjer det mogeleg å utvikle miljøvenleg bølgekraft og vindkraft, samt arbeide for solcelle-produksjon i Svelgen. Eg vil elles arbeide for at einskildhushald tek i bruk varmepumper og at alle får ei meir bevisst haldning til miljøet i det daglege.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Venstre sin visjon om eit sosialt og liberalt samfunn der folk har fridom og moglegheit til å skape sin eigen veg til det gode liv, og der vi tek ansvar for kvarandre og miljøet. Venstre sitt syn på at vi ynskjer eit mangfaldig samfunn der forhold mellom menneske byggjer på toleranse og respekt.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Venstre si velferdsreform. Den vil vere eit stort framsteg for betre helsetenester og betre omsorg der folk bur og gje meir reelt innhald i lokaldemokratiet.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– At dei har dei same grunnhaldningane i dei store og sentrale sakene, dei same økonomiske rammene, respekt, toleranse og ærlegdom.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Venstre kan samarbeide med alle parti på Stortinget i sak, men i det store biletet ligg Høgre og Krf oss nærast; i økonomisk politikk, i miljøpolitikk og i velferdsspørsmål. I regjering er det berre Høgre og andre sentrumsparti som er aktuelle samarbeidspartnarar.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Dei to ytterpartia, men der vi har felles syn samarbeider vi naturlegvis også med Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet.

Høyr også portrettet med andrekanditaten Bjørg Mikalsen