Hopp til innhold

Gunnhild i Lovleg skapar nynorskfeber i kommentarfeltet

SANDANE (NRK): Elevar og lærarar tykkjer det er veldig stas at Gunnhild og dei andre i TV-serien Lovleg brukar nynorsk og dialekt.

I dag var det siste innspelingsdag av sesong to av Lovleg på Sandane.

SPELAR GUNNHILD: Kristine Ryssdalsnes Horvli kjem sjølv frå Sandane og spelar hovudrolla i serien Lovleg. Fredag var siste opptaksdag for sesong to.

Elev:👏🏻 Føler jeg har lært mer av å se på lovleg i høst enn hele min skolegang faktisk. Mye gøyere måte å lære på, i stedet for å sitte å bøye verb osv.

– Eg er lærar og brukar serien i nynorskundervisninga. Elevane noterer ned ord undervegs, og vi har små skriveoppgåver i tillegg, skriv ein annan i kommentarfeltet på Lovleg si heimeside.

Andre skriv at dei meiner at Lovleg bør inn i nynorskpensumet.

For serieskapar Kjersti Wøien Håland er dette rein glede. Ho tykkjer det er stas at både elevar og lærarar kan bruke serien i skuletida, anten det er i norskfaget eller samfunnsfag.

– Men det er ingen agenda med å «pushe» nynorsk, slår ho fast.

Kristine Ryssdalsnes Horvli har no i to sesongar spelt hovudrolla Gunnhild, på klingande vestnorsk dialekt. Korleis har det gått med rollefiguren?

– Ho har blitt mindre klein og meir trygg på seg sjølv, fortel Kristine då NRK møter gjengen bak Lovleg siste opptaksdagen for sesong to.

Kjersti Wøien Håland er kvinna bak Lovleg

SERIESKAPAR: Forfattar Kjersti Wøien Håland frå Høyanger er kvinna bak ungdomsserien Lovleg.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Tilgjengeleg språk

Serieskapar Kjersti Wøien Håland kjem sjølv frå Høyanger i Sogn og Fjordane og har vore elev på Firda vidaregåande skule, nett slik som hovudpersonen Gunnhild.

– Det er heilt naturleg for ungdom i Sogn og Fjordane å skrive på nynorsk. For meg er nynorsk eit mykje meir direkte språk og «rett frå levra». Bokmål er meir svevande og litt romantisk, seier Håland.

Sesong to av Lovleg hadde premiere i NRK TV denne veka og i kommentarfelta går det i bokmål, nynorsk, svensk og engelsk. Ingen sure miner å spore for valet av språk i serien.

– Språket i serien skal vere tilgjengeleg. Det er jo heller ikkje reinskrive, perfekt nynorsk. Det er dialekt og ulike måtar å uttrykkje seg munnleg på. Vi skal ikkje tre noko spesielt språk nedover hovudet på nokon.

Vonar på ein ny sesong

Ho er glad for at karakterane i serien ser ut til å fenge eit ungt publikum, heilt uavhengig av kva dialekt og målform som er brukt i serien.

Lovleg er ein av få dramaseriar for ungdom der det aller meste skjer på ei tilnærma nynorsk målform.

For produsent Hege Hauff Hvattum har det vore ei god tid å spele inn både første og andre sesong på Sandane.

– Alt her er genuint, både folka, skulen og naturen. Vi håpar at det skal bli ein sesong tre for vi har mykje meir å fortelje, seier ho.

Elev:Vi bruker lovleg ikke bare i norsk, men i andre fag som samfunnsfag. (...) Dere åpner mange dører P3, jeg har blitt bedre kjent med folk jeg aldri hadde snakket sammen med før pga Lovleg!❤️😍
Elev:Ei sann gåve til norsklæraren, dette.
Til dokker elevar: tips lærarane dykkar!
Takk frå lærar- ❤️
Elev:Var faktisk derfor jeg begynte å se på lovleg i høst, fordi norsklæreren viste oss det. Han er over 60 år, likevel så sa han at kan kjente seg igjen i serien fra da han selv gikk på VGS og flyttet hjemmefra i ung alder!🌏❤️