Hopp til innhold

Grunneigar om Statnett: - Dette er maktmisbruk!

Men Statnett seier arbeidet dei gjer er lovleg og at det hastar med å få ferdig kraftlinja.

Grunneigarane i Myklebustdalen er sinte på Statnett som jobbar for fullt i dalen, medan rettsprosessane ikkje er endelege.

SINT OG FORTVILA: Grunneigar Ole Elde er skuffa over Statnett som jobbar for fullt i dalen, trass i at retten ikkje har avgjort kvar kraftlinja skal gå. Foto/redigering: Steinar Lote

– Eg er veldig skuffa over det som går føre seg her. I mine auge er dette skikkeleg maktmisbruk. Vi står makteslause, seier grunneigar i Myklebustdalen, Ole Elde.

Fredag for ei veke sidan vart det klart at grunneigarane i Bremanger har vunne fram i saka dei reiste mot staten for å få stogga kraftlina gjennom Sørdalen Naturreservat.

Omstridd frå starten

Lagmannsretten konkluderte med at Klima- og miljødepartementet sitt vedtak i klagesak frå 29. mai 2013 er ugyldig.

Arbeid i Myklebustdalen

JOBBAR FOR FULLT: Statnett jobbar for å få fram kraftlinja som skal forsyne Midt-Norge med straum.

Foto: Steinar Lote / NRK

Likevel er det no full aktivitet i byggjearbeidet i Myklebustdalen for å få gjort ferdig kraftlinja som skal gå frå Fardal til Ørskog.

Ole Elde er fortvila og sint over Statnett sin framgangsmåte.

– Sjølv om linja skulle bli gåande der dei seier, så godtar ikkje vi prosessen slik den har vore. Dette er forvaltning på eit lågmål. Enten må dei ansvarlege politikarane, Bård Vegar Solhjell og Ola Borten Moe, stillast til ansvar, eller så må vi få ei traséendring, seier Elde.

Statnett: – I sin fulle rett

Striden om bygginga av kraftlinja er enno ikkje ferdig handsama i rettsapparatet. Elde meiner Statnett byggjer for fullt, slik at det blir vanskelegare å stoppe linja.

– Det er sett inn enorme mannskap her for å gjere størst mogeleg skade, så eg er veldig skuffa, seier Elde.

Statnett meiner dei har full rett til å byggje. Kommunikasjonssjef i Statnett region Vest, Martha Hagerup Nilson, seier det hastar med å få fram linja.

Martha Hagerup Nilson

LOVLEG BYGGING: Martha Hagerup Nilson i Statnett seier bygginga er lovleg.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er viktig for straumforsyninga for Midt-Norge og alle fornybare prosjekta som ligg på vent i Sogn og Fjordane at vi får på plass denne kraftlinja så raskt som mogeleg.

I avgjerda frå lagmannsretten blir det peika på rettsavgjerda ikkje har betydning for å ta i bruk traséen i Sørdalen, fordi Klima- og miljødepartementet i februar i år endra vernestatusen gjennom naturreservat. Statnett meiner heimelen i forskrifta gir rett til å bygge.

Det var dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe som endra konsesjonen som gav utspring til to rettssaker. Ei rettssak om sjølve konsesjonen og traseendringa, som har gått fleire rundar i retten.

Vil ta risikoen

I Myklebustdalen har Namsmannen i Bremanger avgjort at Statnett får halde fram arbeidet, men grunneigarane aksepterer ikkje det. Men Statnett held seg til avgjerda til Namsmannen.

– Statnett må ta den risikoen, for vi meiner det er viktig å få på plass linja så raskt som mogeleg. Fleire rundar i retten slår fast at vi kan bygge, og det held vi oss til. Så vi utfører eit lovleg arbeid, seier Hagerup Nilson.

Men grunneigarane gjev ikkje opp.

– Eg er kraftig provosert. Eg meiner det er uetisk slik dei går fram. Dei vil presse oss til å gje opp, men det kjem vi ikkje til å gjere, seier Elde.