Fleire turistar går under radaren

Gunn Holvik Hole hatt 60-Airbnb-gjester, men dei blir ikkje del av nokon reiselivstatistikk. No hastar det med å få oversikt over alle turistar som leiger private husvære, meiner NHO.

Gunn Holvik Hole

KJEKT Å TREFFE NYE FOLK: Då alle fire ungane var flytta ut, hadde Gunn Holvik Hole plass til å leige ut kjellarleilegheita. Ho opplyser gjerne om tal gjester til styresmaktene.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er jo spennande å møte folk frå Hawaii for eksempel. Aloha, seierHolvik Hole og ler.

Ho minnes ekteparet i 70-åra som fann vegen frå Hawaii til vesle Sandane. Heile 60 gjester har overnatta i kjellarleilegheita til Hole i sommar. Men verken dei, eller gjestene til dei om lag 7900 andre Airbnb-utleigarane i landet vert rapporterer til styresmaktene. Det er eit aukande problem.

– 25 prosent av hotellromma i Bergen er Airbnb. Å ikkje få med desse i offisiell statistikk ,betyr at statistikken vert feil. Airbnb må bli pliktige til å levere statistikken sin til SSB, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv.

Går under radaren

For turistane betyr fleire overnattingsstadar meir å velje mellom, både i pris og standard. Men når overnattinga går under radaren kan det skape sprik mellom forventa tal turistar og det faktiske talet i eit område.

Kristin Krohn Devold

UTOLMODIG: – Her går det berre ein veg og det er feil retning. Styresmaktene må hive seg rundt, seier Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv.

Foto: Per Sollerman,

– Styresmaktene skal dimensjonere busstrafikk, ferjeruter og søppeltømming. Viss kvar kommune bommar med 25 prosent av besøket, er det klart at det vert opplevd kaotisk og fullt, seier Krohn Devold.

Airbnb er ikkje registrert i Norge, så norske styresmakter kan ikkje krevje at dei gjev informasjon til, for eksempel, skatteetaten. I februar kom Delingsøkonomiutvalget med sine råd til finansminister Siv Jensen. No etterlyser NHO resultat.

– Dette hastar. Lovgjevinga heng langt etter utviklinga innan digitalisering. Råda kom i februar, no er det snart oktober, då er det klart det hastar, seier Krohn Devold.

Same situasjon neste år

SSB opplyser til NRK at denne problemstillinga vert jobba med i fleire europeiske land. Etter kvart som delingsøkonomien aukar i omfang, vert statistikken mangelfull. Finansdepartementet vedgår at ein i dag ikkje har ein offisiell og dermed truverdig statistikk over omfanget av denne delen av delingsøkonomien.

– Rapportering gjennom delingsøkonomiplattforma er ein god og enkel måte som styresmaktene kan få informasjon på, seier statssekretær Tore Vamraak (H) i Finansdepartementet.

– Vil noko vere på plass innan turistsesongen 2018?

– Vi følgjer opp nokre av innspela til Delingsøkonomiutvalet i statsbudsjettet. I den grad vi får på plass innrapportering av overnatting i 2018, så vil ikkje informasjonen ligge fore før i ettertid. Så for sesongen 2018 må ein basere seg på den statistikken vi har, seier statssekretæren.

Vil gjerne rapportere

På Sandane har Gunn Holvik Hole i løpet av sommaren hatt gjester frå land som Tyskland, Spania, Italia og Portugal. Nokre har sove ei natt, andre fem. Ho er klar til å gje informasjon til styresmaktene.

– Eg har ingen problem med det i det heile tatt. Eg forstår ikkje kvifor det ikkje er kome ei slik ordning allereie, seier Holvik.

NRK har spurt Airbnb om dei er villige til å oppgje overnattingsstatistikk til norske styresmakter, men har så langt ikkje fått svar.