Hopp til innhold

Gunhild blir ny ordførar i Fjaler

Alle trudde valvinnaren Senterpartiet ville få ordførarvervet i Fjaler. Slik gjekk det ikkje.

Gunhild Berge Stang

OVERRASKANDE VAL: Gunhild Berge Stang (V) blir ny ordførar i Fjaler.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

For Venstre, Arbeidarpartiet og Høgre har blitt samde om eit samarbeid som gjer at Venstre får ordføraren, medan Ap får varaordførar dei komande fire åra.

Og det blir Gunhild Berge Stang som blir den nye ordføraren. Det var Hogne Kvangarsnes som toppa Venstre-lista i Fjaler, men han meiner Berge Stang blir ein mykje betre ordførar enn han sjølv kunne bli.

– Vi er veldig glade for at ho sa ja til å ta den utfordringa. Eg er sikker på at Gunhild kjem til å gjere ein veldig god jobb som ordførar. Ho er ei frisk, energisk, kunnskapsrik og lyttande kvinne. Ho har politisk erfaring, ho er fylkesleiar i Venstre, ho møter som første vara på Stortinget, og ho er inne i det nye fylkestinget, kanskje også i fylkesutvalet.

Valvinnaren måtte gje tapt

Det var venta at Senterpartiet ville overta ordførarvervet i Fjaler etter at partiet gjorde eit svært godt val. Men konstellasjonane etter valet gjorde at Kvangarsnes som forhandlingsleiar for Venstre såg sjansen.

– Etter valet viste resultatet at Venstre fekk ei nøkkelrolle, og vi fann ut at vi ville fremje vår eigen kandidat. Politikkens vesen er slik at vi må søkje makt og posisjonar når høvet byr seg.

Den sittande ordføraren Arve Helle (Ap) hadde tilbod om å bli varaordførar, men han valde å seie nei takk til det. I staden blir partifellen Nina Yndestad varaordførar.

– Eg er litt overraska

Kjetil Felde, ordførarkandidat for Senterpartiet vedgår at han er overraska.

– Eg såg ikkje heilt dette komme, men vi er eigentleg nøgde med at vi har fått eit skifte i den politiske leiinga i Fjaler, seier han til NRK.no.

At det ikkje vart listetoppen til Venstre som no går inn som ordførar, hadde han heller ikkje venta.

– Eg er litt overraska i og med at vi får ein ordførar som ikkje har blitt flagga som ordførarkandidat. Dette er ikkje ein person vi har fått debattert med. Men det er slik det er med forhandlingar, seier Felde.

– No får vi danne ein opposisjon som kan få gjennom dei sakene vi er opptekne av.

– Er du skuffa?

– Eg veit ikkje om eg skal seie eg er skuffa. Eg er veldig glad for at vi gjorde eit godt val. Det viser at vi har store deler av folk i Fjaler bak oss. Det står att å sjå om dei som tek styringa styrer slik folk i Fjaler vil, seier Senterparti-politikaren.

Kjetil Felde / jenny Følling

OVERRASKA: Kjetil Felde var Senterpartiet sin ordførarkandidat i Fjaler.

Foto: Ole Jakob Nedrebø