Hopp til innhold

Gult varslingsnivå for flaum i Sogn og Fjordane

NVE går ut med gult varsel om flaum i nesten heile fylket. Varselet gjeld frå sundag.

Store vannmengder på E39 ved Helleland

GULT VARSEL: NVE varslar om gult farenivå for flaum sundag. Dette er det lågaste av NVE sine varslingsnivå.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er venta store nedbørsmengder natt til sundag, og dette er grunnen til at varselet no kjem, opplyser NVE.

– Vi sende ut dette varselet på Varsom.no i dag fordi vi ser at det er meldt mykje regn i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal i morgon, seier Heide Bakke Stranden, hydrolog ved NVE si flaumvarsling.

Når så mykje regn kjem i løpet av kort tid så ventar NVE at vassføringa i bekkar og elver kjem til å auke. Gult nivå er det lågaste av NVE sine varslingsnivå. Førre helga var det oransje nivå som gjaldt.

Det er særleg der vassføringa allereie er stor som varselet gjeld som mest.

– Kva skal folk som bur i desse områda tenkje på?

– Det er greitt å halde seg oppdatert på situasjonen og følgje varsla på Varsom.no. Og når det regnar mykje er det alltid bra å sørge for at vatnet har frie avløpsvegar og vere sikker på at det ikkje ligg lauv og kvist i avløpsvegane, seier Heide Bakke Stranden.

Varselet gjeld førebels ikkje Luster kommune som vart hardast råka førre helg, og heller ikkje kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. NVE følgjer situasjonen utover dagen, og oppdaterer fortløpande om det trengst. Elles vert ei ny vurdering gjort i morgon klokka 11.

Jordskredfaren gjeld heile fylket

Det kan kome opp mot 80 millimeter med regn i Sogn og Fjordane sundag. Dermed gjeld også jordskredfaren framleis. Det er ytre og dels midtre strøk av fylket som er mest utsett, og det meste av nedbøren vil kome i form av regn, òg i fjella.

Indre strøk får ikkje så mykje nedbør som førre helga, men ein må vere merksam på bratte skråningar og skredutsette område.

– Der det har kome erosjonsskadar, særleg i indre strøk i fylket, må ein òg vere varsam, seier Ann-Live Øye Leine, hydrolog ved jordskredvarslinga i NVE.

Nedbørsprognosane er usikre og den vidare utviklinga av situasjonen er avhengig av temperaturen. Møre og Romsdal er no inkludert i jordskredvarslinga på gult nivå.