Dermed er ho den mestseljande artisten frå Sogn og Fjordane nokon gong etter Olav Stedje. Plata hennar kom ut tidleg i desember.
Platedebuten til Tone Damli Aaberge kjem i kjølvatnet av andreplassen i Idol-finalen på TV2. Og ho er naturleg nok godt nøgd med gullplate.
- 30.000 er enormt. Eg er veldig stolt.
- Plata er meg
Idol-Tone seier Bliss er ei personleg plate.
- Plata er meg. Eg har vore med å bestemt alt sjølv. Eg har fått masse innspel. Men plata er meg, så det er ikkje noko som andre har putta på meg, seier Idol-Tone.
- Eg trur den er ei positiv overrasking for folk, for det er ikkje så mange andre som har kome med denne typen plate før.
Stor overgang
Damli Aaberge seier ho kosa seg etter Idol-sirkuset. Men overgangen frå ei anonym Sogndalsjente til rikskjendis har vore stor.
- Det var veldig rart i starten at folk snudde seg på gata. Men folka i TV2 var flinke til å støtte oss, seier 17-åringen, som på nyåret har timeplanen full med konsertar og lekselesing.