Hopp til innhold

Gullet han hadde sikla etter glapp – gjekk feil i NM-løypa

VIK (NRK): Johannes Thingnes Bø var i ein divisjon for seg, og trudde han gjekk inn til sitt første sommargull. I staden vart stryningen diska.

Juryleiar Bjørn Tore Årevik og Johannes Thingnes Bø

DISKA: Juryleiar Bjørn Tore Årevik i samtale med Johannes Thingnes Bø etter målgang.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi måtte diske han, konstaterer rennleiar Bjørn Tore Årevik.

Stryningen oppdaga sjølv at han gjekk feil i løypa under dagens sprintdistanse på rulleski-NM i Vik. Sjølv om han tok ein ekstrarunde før han kryssa målstreken var juryen aldri i tvil.

– Johannes var uheldig og gjekk feil sløyfe på mellomrunden. Men reglane er klare, det er disk, seier Årevik.

Vedgjekk feilen etter målgang

Veslebror Bø har vore klar gullfavoritt før rulleski-NM i heimfylket denne helga. Både storebror Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen står over, og alt låg dermed til rette for at Johannes kunne sikre seg sitt første sommargull som senior.

Men slik gjekk det altså ikkje. Juryen fekk tidleg i konkurransen mistanke om at den suverene stryningen hadde gått feil. Då Johannes kom i mål stadfesta han mistankane.

– Han sa sjølv at han hadde gått feil. Vi sjekka med tidtakarsystemet, og dei hadde ikkje fanga han opp på mellomrunden. Heller ikkje løypevaktene hadde kryssa han av på den rette mellomrunden. Så vi var aldri i tvil, seier rennleiaren.

Johannes Thingnes Bø går i mål

GODT LØP: Johannes Thingnes Bø var suveren då han gjekk i mål på sprintdistansen under rulleski-NM i Vik i ettermiddag. Men gleda vart kortvarig.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gjekk like langt – til inga nytte

Sjølv seier Johannes at han prøvde å rette opp feilen.

– Eg kutta ein sving for tidleg på andrerunden, så eg skjønte det fort. Difor gjekk eg det eg skulle på sisterunden, og så tilbake der eg hadde gått feil. Så eg har gått like langt som resten, seier han.

Ekstra sur er kanskje feilen når alt det andre fungerte svært godt.

– Det var eit bra løp skytemessig. Eg stivna litt på ski og gjekk feil, men det var eit veldig godt løp.

Avviser dårleg merking

Mange av dei 1000 tilreisande har teke turen til Vik for å sjå nettopp verdsmeisteren. At han gjekk på hovudet ut av den første konkurransen vedgår rennleiar Bjørn Tore Årevik at er beklageleg.

– Er løypene godt nok merka?

– Løypene er veldig godt merka. Han skulle gå svart mellomrunde, og det er skilta før og etter kryssa. Det er rett og slett fokuset hans som ramla vekk ei lita stund, og så gjekk han raud mellomrunde i staden.

Johannes Thingnes Bø på ståande

SOLID: Stryningen leverte solid skyting på standplass. Her er han i aksjon på ståande skyting.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er der eg skal vere

Stryningen har teke gull i sommar-NM for junior, men har lenge sikla etter eit gull i seniorklassen.

– Dette er nok det beste eg har vist på sommarføre.

– Så blir du diska?

– Det er kjedeleg, men det viktigaste er at alle ser at eg er der eg skal vere.

Diskvalifiseringa gjer at Erling Aalvik kan kalle seg noregsmeister i rulleskiskyting i sprint. Han vann føre Erlend Bjøntegaard og Aasmund Kjøllmoen Steien.