Hopp til innhold

Gullår for skisenter

Etter ni år med raude rekneskapstal leverer Jølster skisenter positivt resultat. Rekneskapen for 2015 syner 351 000 kroner i pluss før skatt, skriv Firda. Styreleiar Johann Gotteberg meiner mykje av forklaringa på det gode resultatet ligg i gode snøtilhøve. Skisenteret hadde også mellom 90 og 100 driftsdøger noko som nesten er ei dobling frå året før.