NRK Meny
Normal

Gull til Syril-jentene

1–0 i finalen mot Blindheim sikra Norway Cup-gull til jenter 14-laget til Syril frå Leikanger.

Syril med Norway Cup-siger

LETTA OG GLADE: Syril jenter 14 vann 1-0 i ein jamn og hard kamp mot Blindheim.

Foto: privat

Målet mot Ålesund-laget Blindheim kom i første omgang i finalekampen i A-sluttspelet, og sigeren kom ikkje utan vidare, fortel oppmann Eva Hamre, som nesten tok til tårene under den spennande finalen.

Hard kamp

– Dei pressa på noko utruleg på slutten, men jentene stod på. Dei jobba på og hadde godt overtak lenge. Dei var ganske tomme for energi dei siste ti minuttane, men dei gav seg ikkje, og det var difor dei vann. Eg er så stolt av jentene at eg kan ikkje få sagt det, seier ein stolt oppmann.

Syril i Norway Cup-finalen

GA ALT: Ei veke med kampar kjennast, men Syril klarte å gi litt til i finalen.

Foto: privat

Jentene sjølve er også nøgde med innsatsen i verdas største fotballturnering.

– Det har vore tøft, men veldig kjekt. Vi har hatt med oss mange innbytarar, og vi har gitt alt, seier Andrea Henjesand.

– Stemninga under kampen var god. Vi hadde ein stor heiagjeng.

Ho fortel at dei kosar seg på Ekeberg, og skal feire med eit godt måltid ute i kveld.

– Eit forsmedeleg nederlag

Det gjekk derimot ikkje vegen for gutar 14-laget til Hornindal som tapte 2–1 mot Vålerenga i B-sluttspelet.

– Vi hadde mange gode sjansar, seier kontaktperson Anne Birthe Hofseth.

Det var Martinius Espe som skårte det eine målet, men Vålerenga fekk eit mål like etterpå og så endå eitt i andre omgang.

– Det har vore ei lang veke. Det har vore ein kjempeinnsats frå heile gjengen, men dei vart nok litt utslitne på slutten. Det vart eit litt forsmedeleg tap, seier trenar Robert Grodås.

Hornindal gutar 14

TOK SØLV: Hornindal gutar 14 måtte sjå seg slått av Vålerenga i B-sluttspelet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen