Hopp til innhold

Gull til Mardal under junior-NM

BYRKJELO (NRK): Diskoskastaren Thomas Mardal (18) frå Gloppen FIL tok i dag gull under junior-NM på heimebane.

Mardal gull

GULLGLISET: Thomas Mardal etter å ha teke gull under junior-NM på Byrkjelo.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg kjenne at eg har litt å gå på. Eg kunne treft ein betre vinkel og eg kjente at det gjekk litt høgt, men det var mykje kraft i kaste. Det var godt å få det ut seier, Mardal, som blir gratulert frå alle kantar.

Godt nivå på alle kasta

Tidlegare i sommar vart det berre nesten for Mardal, då han ikkje turte å sleppe laus kreftene i diskosburet under junior-EM i Sverige. Dermed greidde han ikkje målet som var å nå finalen. Men denne gongen gjekk det annleis.

– Det var overraskande godt nivå på alle kasta. Eg er veldig godt nøgd med at det lengste kaste gjekk over 56 meter, seier Mardal.

Dette førte til ein god start på meisterskapen for Sogn og Fjordane, som har fleire medaljekandidatar under junior-NM.

– Eg likar å ha eit press på meg, då presterer eg ofte godt. I tillegg var det veldig kjekt å kjenne jubelen frå tribunen, seier Mardal.

Har trent godt

18-åringen har trent hardt i fleire veker og Mardal seier det verkar som han har treft forma perfekt.

– Det er veldig moro å kjenne at kroppen er med og at eg kan prestere så godt som eg gjere, seier han.

Men noko feiring blir det ikkje tid til for noregsmeisteren, som skal kaste både slegge og kule før meisterskapen vert avslutta søndag.

– Eg håpar sjølvsagt på to medaljar til. Eg er i god form, seier han.

Men Mardal gir seg ikkje etter NM på Byrkjelo. Han skal lade opp mot nordisk om to veker og ungdomsmeisterskapen.

– Nordisk blir svært spanande. Eg trur eg kan kjempe om medalje der også, seier den nye noregsmeisteren.