Hopp til innhold

Gull og sølv i mathandverk

Verksemder frå Sogn og Fjordane kom heim med to gullmedaljar og ein sølvmedalje frå utvida svensk meisterskap i mathandverk i Åre i Sverige. Solundmat fekk gull for speka villsaulår, Påldtun i Gloppen fekk gull for bringebærsafta si, og Vikja frå Vik fekk sølv for tradisjonelt røykt koklår frå lam.