Hopp til innhold

Resultat etter Ungdomsmeisterskapen: 7 gull, 4 sølv og 4 bronse

Fylkets fremste friidrettstalent henta heim ein fin medaljefangst under UM. Thomas Mardal vart historisk då han vann alle kastøvingane. Sjå resultatlista for utøvarane frå fylket.

Thomas Mardal

HISTORISK: Fylkets beste friidrettsutøvarar henta heim edle medaljar. Thomas Mardal vart historisk.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Totalt fekk utøvarane frå Sogn og Fjordane med seg 7 gull, 4 sølv og 4 bronse heim frå Ungdomsmeisterskapen i Friidrett i Haugesund i helga.

Ein av dei som spesielt har utmerka seg er Thomas Mardal frå Sandane Turn og IL etter at han tok gull i alle kastøvingane.

– Prestasjonane til Mardal er fantastisk sterke. Spesielt kombinasjonen med fantastiske kastresultat og sølv på 100 meter, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk friidrett Sogn og Fjordane, til NRK.

Mardal representerer Sandane Turn og Idrettslag, og i klassen for gutar 17-år vann han gull i kule, slegge, spyd og diskos i konkurransen som samlar dei beste ungdomsutøvarane frå heile landet i friidrett.

I tillegg vann han lengdehopp og vart nummer to på 100 meter med den sterke tida 11.03. Totalt har han dermed fem gull og ein sølvmedalje frå UM.

Kan nå langt, men må etter kvart velje

Heggheim meiner Mardal kan verte god på internasjonalt nivå.

– Thomas har alt som skal til for å kunne bli ein representasjonsutøvar i internasjonale juniormeisterskap i åra som kjem.

Men om det vert i få øvingar eller i mange, er eit val Mardal vil måtte ta.

– Han har sjølvsagt potensial som mangekjempar, men må etter kvart gjere sine val om han vil spisse ekstra på enkeltøvingar, seier Heggheim til NRK.

Mange gode resultat

Dag to av ungdomsmeisterskapen er no ferdig, og fleire utøvarar frå fylket har gjort gode resultat.

Ingar Hjelle frå Oppstryn IL vann laurdag gull i høgde for G15 med eit hopp på 1,79.

Resultat Ungdomsmeisterskapen i Friidrett 2014 i Haugesund

Namn

Klubb 

Klasse

Øving

  Plassering

Resultat

 Inga Kårstad Skår

Førde IL

 J15

 2000m

 1

 6,38,38

 Ingar Hjelle

 Oppstryn IL

 G15

 høgde

 1

 1,79

 Thomas Mardal

Sandane T&IL 

 G17

 kule

 1

 15,53

 Thomas Mardal

Sandan T&IL

 G17

 slegge

 1

 54,85

 Thomas Mardal

Sandane T&IL

 G17

 lengde

 1

 6,71

 Thomas Mardal

Sandan T&IL

 G17

 spyd

 1

 53,33

 Thomas Mardal

Sandane T&IL 

 G17

 diskos

 1

 48,93

 Evald Osnes Devik 

IL Brodd

 G18/19 

 slegge

 2

 59,51

 Jon Rolf Skamo Hope

 Hyen IL

 G16

 1500 Hi

 2

 4,24,41

 Steffen Fjellestad

 Fjellhug/Vereide IL 

 G15

 slegge

 2

 32,16

 Thomas Mardal

 Sandane T&IL

 G17

 100m

 2

 11,03

 Hans Sande

 IL Brodd

 G18/19

 diskos

 3

 43,20

 Johan Lote

 IL Brodd

 G15

 diskos

 3

 38,90

 Johan Rolf Skamo Hope

 Hyen IL

 G16

 3000m

 3

 8,50,30

 Lisa Selvik

 Fjellhug/Vereide

 J15

 diskos

 3

 32,67

 Hans Sande

 IL Brodd

 G18/19

 kule

 4

 12,86

 Inga Kårstad Skår

 Førde IL

 J15

 800m

 4

 2,20,63

 Ingar Hjelle

 Oppstryn IL

 G15

 stav

 4

 2,71

 Marius Rygg

 Hyen IL

 G18/19

 tresteg

 4

 12,59

 Mathias Melheim

 Olden IL

 G15

 kule

 4

 13,74

 Vidar Hatlem

 Gloppen IL 

 G17

 lengde

 4

 6,16

 Hans Sande

 IL Brodd

 G18/19

 slegge

 5

 56,77

 Ingar Hjelle

 Oppstryn IL

 G15

 diskos

 5

 33,29

 Ingrid Hjelle Roset

 Sandane T&IL

 J17

 400 m

 5

 60,36

 Malin Isane Førde

 Fjellhug/Vereide IL 

 J15

 slegge

 5

 33,82

 Lisa Selsvik

 Fjellhug/Vereide IL

 J15

 slegge

 6

 32,73

 Mathias Melheim

 Olden IL 

 G15

 diskos

 6

 33,07

 Evald Osnes Devik

 IL Brodd

 G18/19

 kule

 7

 10,55

 Simon Lidal

 IL Jotun

G16

 diskos

 7

 23,23

 Simon Lidal

 IL Jotun

 G16

 spyd

 7

 45,37

 Erlend Henjasand

 Syril IL

 G15

 800m

 8

 2,06,93

 Mathias Førde

 Jølster IL

 G16

 800m

 10

 2,03,17

 Mathias Førde

 Jølster IL

 G16

 3000m 

 10

 9,32,28

 Robin Watne Nedrehagen

 Syril IL

 G15

 800m

 10

 2,07,03

 Johan Lote

 IL Brodd

 G15

 lengde

 12

 4,78

 Kjersti Hjelle Eide

 Breimsbygda

 J17

 tresteg

 12

 9,95

 Ingrid Hjelle Roset

 Sandane T&IL

 J17

 800m

 15

 2,30,09

 Marius Rygg

 Hyen IL

 G18/19

 400m

 17

 53,09

 Jenny Vik Skrede

 Stryn IL 

 J15

 lengde

 10kval

 4,12

 Jenny Vik Skrede

 Stryn IL

 J15

 100m

 4fo

 13,63

 Ingalill F Stang

 Førde IL

 J15

 200m

 5fo

 28,60

 Vidar Hatlem

 Gloppen FIL

 G17

 100m

 5fo

 11,95

 Andreas Mjelstad

 Syril IL

 G15

 200m

 5fo

 25,11

 Ingalill F Stang

 Førde IL 

 J15

 100m

 5fo

 14,04

 Vidar Hatlem

 Gloppen FIL

 G17

 200m

 6foi

 24,39

 Erlend Henjasand

 Syril IL

 G15

 200m

 6semi

 24,61

 Robin Watne Nedrehagen

 Syril IL

 G15

 200m

 7semi

 24,77

 Ingrid Hjelle Roset

 Sandane T&IL 

 J17

 200m

 DNS

 

 Linnea Holsen Meier

 Førde IL

 J16

 100m

 DNS

 

 Linnea Holsen Meier

 Førde IL

 J16

 200m

 DNS

 

Ekspander/minimer faktaboks

DNS = Starta ikkje

Fo = forsøk

Kval = kvalifisering