Hopp til innhold

Difor samlar hotelleigaren på skjelpadder

Ei skjelpadde redda livet til sju menn i havsnaud. Difor er Sognefjord hotel fullt av små kopiar.

TAKKSAM: Hotelldirektør Jack Eggum med skjelpaddehovudet som berga livet til faren og seks andre.

– Skjelpadder er ein del av historia vår, fortel hotelldirektør Jack Eggum.

I helgene framover kan du få gjensyn med tidlegare TV-reportasjar og anna gull frå arkivet vårt frå Sogn og Fjordane. Førre helga var vi i Lærdal der Håkon Lysne i 2000 dyrka tobakksplantar og laga eigne sigarar.

Jack Eggum

MINNE: Hotelldirektør Jack Eggum viser fram kraniet til skjelpadda som berga livet til faren.

Foto: Privat

No skal vi tilbake til mai 2012 då skjelpaddene til Sognefjord hotell på Leikanger blei vist fram for heile Norge. Overalt på hotellet finn gjestene dyra i forskjellige storleikar. Til og med logoen til hotellet har ei skjelpadde.

– Vi fekk masse merksemd og folk ringde oss og tilbaud utstoppa skjelpadder etter at vi var på Norge Rundt, fortel Eggum.

Berga livet med skjelpaddekjøt

Årsaka til fascinasjonen for dette eksotiske krypdyret, ligg i historia til familien.

Agnar Eggum, som er far til Jack, reiste til sjøs då han var 15 år. I 1941, under 2. verdskrig, var M/T Langanger på veg til Italia med olje. Båten blei kapra av franske marinestyrker og tvang båt og mannskap til Algerie for at lasta ikkje skulle komme i feil hender.

Mannskapet var ikkje direkte fangar, men fekk ikkje lov å reise derifrå. Etter ei tid rømte faren og seks andre ved hjelp av ein livbåt.

– Etter kvart kom dei ut for eit forferdeleg uver. Tidsplanen sprakk og dei gjekk tomme for både mat og vatn. Då kom ei havskjelpadde symjande forbi. Denne blei fanga og dei åt kjøtet. Dermed berga dei sju mennene livet.

Etter at Agnar la sjømannslivet bak seg, slo han seg ned i heimbygda Leikanger. Her bygde han pensjonat saman med kona. Dette er idag Sognefjord hotell.

Skjelpadder på Sognefjord hotel

EIGE ROM: Her blir mange av figurane stilte ut.

Foto: Privat

Har levande skjelpadder heime

Far til Jack tok kraniet frå skjelpadda med seg heim. Dette står utstilt på hotellet.

Turistane ved hotellet har mange spørsmål om skjelpaddene, og hotelldirektøren har difor laga informasjonhefte på fleire språk. Og vener og kjente som kjenner til historia, kjem med figurar til hotellet etter at dei sjølv har vore ute på reise.

Skjelpadder

LEVANDE SKJELPADDER: Jack Eggum har tre skjelpadder i eit akvarium.

Foto: Privat

– Dette set vi stor pris på, seier han.

Og det er ikkje berre på hotellet det er skjelpadder. I huset til Jack har han også mange figurar, i tillegg til tre levande skjelpadder i eit akvarium.

– Dei var berre 4–5 cm då eg fekk dei, no er den største 30 cm, seier Eggum.

Distriktenes magasin. Programleder: Chetan Rastogi.

NORGE RUNDT: Her kan du sjå heile innslaget i Norge Rundt-sendinga 12. mai 2012 Reporter var Katrine Nybø, og foto og redigering hadde Ole Andre Rekkedal ansvaret for.