Hopp til innhold

Næringslivet går for halv maskin med stengd bru

Det blir kø og kaos når 35 vogntog skal transportere varer til og frå øyane i Gulen og Brandangersundbrua er stengd.

Brandangersundbrua

BLIR RUSTA OPP: Brandangersundbrua er stengd medan det pågår målingarbeid. Det kostar næringslivet dyrt.

Foto: Vegard Foseide / NRK

– Til vanleg går det 30 til 35 vogntog inn og ut. Med ei bru som er stengd to timar i slengen, så hopar det seg opp. Vi får ikkje bilane ut, og vi brukar for lang tid på transporten, seier Stein Inge Larsen i Byrknes Servicesenter.

Det er avisa Nordhordaland som skriv om næringslivet i Skipavika og på Byrknesøy som fortvilar over stenginga av Brandangersundbrua. Brua skal vere meir eller mindre stengd i 14 veker på grunn av målingarbeid. For næringslivet betyr dette økonomsiske tap.

– På ein dag som i går hadde vi fem vogntog med fisk til Oslo, vi hadde seks vogntog til Mongstad og Stavanger. Dette hadde ein ekstrakostnad på seks sjåførar for oss. Det betyr bortimot 20 000 kroner. I tillegg kjem ekstra vogntog i Oslo for lossing, så vi er raskt oppe i 50 000 på ein dag, seier Larsen.

Stein Inge Larsen

FRUSTRERT: Stein Inge Larsen i Byrknes Auto meiner Statens vegvesen burde informert tidlegare.

Foto: NRK

– Store konsekvensar

Han er fortvila over å ha fått beskjed om at stenginga skal vare i fjorten veker, midt i sommarsesongen.

– Eg torer knapt å tenkje på det. Det har så store konsekvensar.

Han fryktar dei i verste fall må leige inn ferje sjølve, eller bruke båt. I tillegg er han kritisk til at meldinga om brustenginga kom for svært kort tid sidan, slik at bedriftene ikkje har kunne finne løysingar.

– Etter mi meining er det mange mogelegheiter for å finne løysingar, men viss ein ikkje forstår omfanget blir ting vanskeleg. Når dei kjem med ei sånn lukking midt på sommaren og over så lang tid, har dei ikkje forstått kva vi driv på med i Ytre Gulen, seier Larsen.

Alternative løysingar

Det er Statens vegvesen som er byggherre på vegen og som har sett i gang arbeidet på brua.

– Vi ser at dette er ei utfordring for alle partar, seier Audun Borlaug i Statens vegvesen.

Han seier det blir jobba med å finne andre løysingar.

– Vi er i dialog med entreprenøren, så vi håpar å finne alternative løysingar, seier Borlaug.