Hopp til innhold

Gulhaugen inne i varmen att

Tor Kristian Gulhaugen fekk sterk kritikk og gjekk av som rådmann i Bremanger etter Terra-skandalen. No er han på nytt engasjert av kommunen.

Tor Kristian Gulhaugen

Tidlegare rådmann i 'Terra-kommunen' Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, er engasjert av kommunen att.

Foto: NRK

- Han arbeider med nokre saker som har ligge på vent i ganske lang tid. Spesielt klagesaker innan eigedomsskatt og nokre takseringssaker, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

Fekk kritikk

Gulhaugen fekk i etterkant av Terra-skandalen kritikk frå fleire hald . Fylkesmannen sa i si vurdering av saka at "Bremanger har brote færrast paragrafar, men dei har gjort det rimeleg grundig ". Fleire meinte at rådmennene i både Vik og Bremanger måtte gå av . Det gjorde han i februar , etter at han i januar la seg flat for kritikken . Bremanger har tapt kring 240 millionar kroner på skandalen og som øvste administrative leiar måtte han stå til rette for å ikkje ha kontrollert godt nok kva produkt Terra-meklarane selde.

Han fekk også kritikk for å ha gjeve den politiske leiinga mangelfull informasjon.

Har gode kunnskapar

No er han altså inne att i varmen i kommunehuset. Gulhaugen er engasjert for å ta seg av finansielle spørsmål, seier ordføraren. Som sjølv retta kritikk mot Gulhaugen etter Terra-skandalen.

- Vi bruker han på eit område der han har gode kunnskapar, seier Svarstad. Han kan ikkje svare på kor mykje det kostar å leige inn den tidlegare rådmannen på prosjektoppgåver.