NRK Meny
Normal

GULEN: Ordføraren legg planen om storkommune i Nordhordland død

Fleirtalet av innbyggjarane i Gulen vil stå åleine også inn i framtida. Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) går langt i å skrinlegge planane om ein storkommune saman med sju kommunar nord i Hordaland.

Hallvard Oppedal

INGA STORKOMMUNE: Hallvard Oppedal, ordførar for Senterpartiet i Gulen, er godt nøgd med det tydelege rådet frå innbyggjarane sine.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg synest dette er bra, eg. Det er eit klart råd til oss politikarar, seier han om at 57 prosent av innbyggjarane seier dei vil stå åleine også framover.

– Kva betyr dette for det vidare politiske arbeidet?

– Dette er eit klart styringssignal, og eg trur ikkje det blir noko diskusjon om dette i kommunestyret, seier han.

Resultata etter folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar i Nordhordlandskommunane viser at innbyggjarane seier nei til den planlagde intensjonsavtalen i både Fedje, Modalen og Masfjorden, medan fleirtalet i Lindås og Radøy har sagt ja.

– Det verkar som det er kroken på døra for ein stor Nordhordland kommune?

– Ja, det tenkjer eg også, og det har lagt litt i korta, seier Gulen-ordføraren.

(Etter at Oppedal vart intervjua har også fleirtalet i Meland sagt at dei vil halde fram som eigen kommune).

Laster innhold, vennligst vent..

(Ifølgje kommunen har det kome inn 1109 røyster, noko som er 57 prosent av dei røysteføre i Gulen).

Fekk det han håpa på

Oppedal legg ikkje skjul på at han hadde håpa på eit tydeleg signal, og fekk det.

– Når du får såpass klare svar på tre alternativ, så synest eg det er bra.

Senterpartipolitikaren vedgår at han vart litt overraska over at fleirtalet mot samanslåing vart såpass klart.

– Eg hadde kanskje trudd at Masfjord-alternativet og alternativet med Gulen åleine hadde vore jamnare, men eg hadde tenkt at det ville vere ei overvekt for å stå åleine. At det vart såpass stor skilnad hadde eg ikkje trudd.

Kjell og sambygdingane vil stå åleine

Kjell Oddvar Stendal i Gulen stemde for å stå åleine

SOM I DAG: Kjell Oddvar Stendal likar å bu i Gulen slik kommunen er i dag og ser ikkje dei store fordelane med å bli del av ein større kommune. I bakgrunnen tidlegare ordførar i Gulen, Trude Brosvik frå KrF.

Foto: Kenneth Kidøy

Blant dei som stemde for at Gulen skal halde fram som eigen kommune er Kjell Oddvar Stendal.

– For det første har eg lyst å høyre til Sogn og Fjordane. Eg trur ikkje Hordaland er noko betre fylke for oss, sjølv om vi grensar til dei, seier han om bakgrunnen for valet sitt.

Oppteljinga etter folkerøystinga i dag viser at fleirtalet av sambygdingane hans meiner det same. 57 prosent har stemt for at Gulen skal halde fram som eigen kommune, medan 26 prosent vil slå seg saman med Masfjorden og 17 vil bli den av den store Nordhordland kommune.

Likar kommunen som den er i dag

Kjell Oddvar Stendal er i tillegg uroa for at lokale arbeidsplassar vil forsvinne og at kommunen ikkje lenger vil kunne tilby så gode tenester til innbyggjarane som dei gjer i dag.

– Kommunen er ein ganske stor arbeidsgivar i Gulen. Vi har gode tenester i dag og blir det kommunesamanslåing blir det samanslåing av andre ting også, seier Stendal.

I februar skreiv kommunane Lindås, Radøy, Meland, Fedje, Austrheim, Modalen, Masfjorden i Hordaland og Gulen i Sogn og Fjordane under på ein intensjonsavtale om å slå seg saman til Nordhordland kommune.

Ei slik omfattande samanslåing vil kunne gi ein kommune på 2183 km² og rundt 36.000 innbyggjarar, og kan bli ei av dei største kommunane i landet.

Det er i dag folkerøystingar i fleire av dei andre kommunane, i tillegg blir resultata frå fleire innbyggjarundersøkingar gjort kjent (sjå resultat under).

Resultat av folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar i dei andre kommunane:

(Blir oppdatert så snart resultata er klare)

Austrheim:

  • Stå åleine: 73,4 prosent
  • Bli ein del av nye Nordhordland kommune (Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy): 26,6 prosent

Masfjorden:

  • Stå åleine: 70 prosent
  • Slå seg saman med Gulen: 13 prosent
  • Bli ein del av nye Nordhordland kommune: 17 prosent

Meland:

  • Stå åleine: 50,9 prosent
  • Slå seg saman med Lindås, Radøy, og ev. fleire kommunar i Nordhordland: 48,7 prosent

Modalen:

  • Stå åleine: 95,8 prosent
  • Bli ein del av nye Nordhordland kommune:

Radøy:

Innbyggjarundersøkinga viser at fleirtalet av dei spurde vil bli del av ein større kommune. 51 prosent svarar ja til dette, medan 42 prosent har svart at dei vil at Radøy skal halde fram som eigen kommune.

Lindås:

Innbyggjarundersøkinga viser at 69 prosent av dei spurte seier ja til ein ny kommune. 26 prosent har svart nei, medan fire prosent har svart veit ikkje.

Fedje:

Innbyggjarundersøkinga viser at 83 prosent av dei spurde seier nei til ein ny kommune, medan 15 prosent har sagt ja til å bli den av ein større kommune.

Laster kart, vennligst vent...

NORDHORDLAND KOMMUNE: Dersom alle dei åtte kommunane går saman blir den nye kommunen eventuelt den største i Hordaland i areal og nest største i folketal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå