NRK Meny
Normal

GULEN: Han blir sitjande i ordførarstolen

Senterpartiet har nok ein gong vunne fleirtalet av stemmene i Gulen kommune. Dermed skal det mykje til for at Hallvard Oppedal ikkje får behalde ordførarstillinga.

Hallvard Oppedal jublar for ny ordførarperiode

VINNAREN: Han gjorde eit brakval ved førre kommuneval. I kveld kan han juble.

Foto: Privat

Vallogo

Oppedal sitt framleis og tel stemmer, men han trur ikkje at nokon har sjanse til å ta jobben hans frå han. Dei har så langt 43 prosent av stemmene i kommunen, og går nok ein gong fram. Det er lang veg ned til Høgre som ligg på 22,3 prosent.

– Det er såpass stor margin no at det skal mykje til, seier Oppedal.

– Ingen er uaktuelle å samarbeide med

Han reknar med at Senterpartiet skal få til avtalar som sikrar han vidare arbeid som ordførar, men han vil seie noko om kva avtalar hanføretrekkerk.

– Det er litt for tidleg å seie, men det er i grunn ingen som er uaktuelle å samarbeide med.

Så snart teljinga er ferdig, reknar han med det blir litt feiring.

– Ja, når eg kjem heim må det vel feirast litt, seier han og ler.

Høgre er skuffa

Ivar eide og Hallvard Opedal

VIL BLI VARAORDFØRAR: Ivar Eide i Høgre håpar framleis på posisjonar, og vil diskutere samarbeid med Senterpartiet.

Foto: Bård Siem / NRK

Ivar Eide stilte som førstekandidat for Høgre i kommunen. Han er skuffa over at partiet ikkje har hatt framgang.

– Vi hadde sjølvsagt håpt på å gjere eit betre val enn førre gong, så vi er litt misnøgde. Vi hadde håpt å gå opp ein mandat dette valet, seier Eide.

Han synest det til dels er overraskande at Høgre ikkje gjorde det betre, men forstår også at Senterpartiet og Oppedal gjer det sterkt.

– Hallvard har ikkje hatt dei store stormane i kommunen. Han har ikkje gjort noko som har skapt bølger, så då har du vel med deg dei som stemte på deg sist, seier Høgre-politikaren.

Vil kjempe for varaordførarvervet

Kampen om posisjonane er likevel ikkje over frå Høgre si side, trass i at ordførarplassen er Oppedal sin.

– Sidan Høgre og Senterpartiet var største partia så var det skapt eit bilete av at vi stod mot kvarandre, men vi har lyst å snakke med dei om eventuelt ein varaordførarplass. Vi vil snakke med Senterpartiet, men med ni plassar er det heilt opp til dei og eg forstår at dei har fleire parti å velje mellom for å fleirtal, seier Eide.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.