Lars Hellandsjø er dagleg leiar i Wergeland-Halsvik, den største verksemda innan Wergeland-konsernet. Eit selskap som få i Sogn og Fjordane har kjennskap til, trass i at fagfolk NRK har vore i kontakt med meiner at det er av dei mest solide, rikaste og mest veldrivne selskapa i fylket.
- Vi har drive på så godt vi kan, seier ein beskjeden Hellandsjø.
Alt går bra
Ein kikk på årsrekneskapen kan få ein til å tenke på Kong Midas - alt dei tek i ser ut til å bli til gull. For selskapet under eitt viser årsrekneskapen eit overskot på 20 millionar. Dessuten eig Wergeland 50 prosent av Halsvik Aggregates AS. Overskotet her er på nær 90 millionar. Det dei tjener seg steinrike på er hovudsakleg stein, seier Hellandsjø.
- Vi har fleire avdelingar; pukkverk, avdeling for lastebåtar og avdeling for betong. Det går omtrent jamnt. Det er ikkje noko som merkar seg ut.
Men selskapet merkar seg ut. Trass i at det vart investert 40 millionar i kaianlegget Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap, står det 104 millionar kroner på bankkontoen.
Brukar på dei tilsette
Ein del av pengane vert brukt på å gje dei 140 tilsette ein god arbeidsplass.
- Vi har jo ein stabil arbeidsstokk, og det er kjekt at folk blir verande, tykkjer den daglege leiaren.
At så få kjenner til verksemda kan skuldast plasseringa ytst i Gulen med utsikt rett på Mongstad. Ei anna årsak kan vere ein dagleg leiar som helst ikkje vil framheve seg sjølv eller selskapet:
- Det er no andre verksemder som gjer det endå betre, så det er ikkje noko å skryte av, seier Hellandsjø.
Men at det går godt får ein stadfesta om ein ser på årsrekneskapen. I fjor hadde konsernet nær 26 millionar kroner i overskot. Selskapet har i høve til dette heller ikkje noko gjeld å snakke om.