Hopp til innhold

Gulen ser mot Hordaland

– Samanslåing med kommunar i Nordhordland er det mest interessante for Gulen, seier ordførar Hallvard Oppedal. Onsdag deltok han saman med ordføraren i Solund på eit møte for diskutere samanslåing med sju kommunar i Nordhordland.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

SER SØROVER: Hallvard Oppedal (Sp) er ordførar i Gulen

Foto: Gøril Sætre

– Kommunestyret vårt har gjort vedtak om at vi skal sjå sørover, seier Hallvard Oppedal.

Onsdag møttest dei sju Nordhordlandskommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund og Gulen frå Sogn og Fjordane. På agendaen stod kommunesamanslåing.

Nært samarbeid

For særleg Gulen veg det samarbeidet dei allereie i dag har med kommunane i Nordhordland om både skule og legevakt tungt.

– Vi har mykje samarbeid sørover allereie.

– Så for Gulen er ikkje samarbeid nordover noko alternativ?

– Nei, vi har hatt tre folkemøter i kommunen, og det er eit stort fleirtal på dei folkemøta som meiner at vi skal gå sørover.

Solund overraska

Det var mange som vart overraska då Solund nyleg melde seg på i kommunesamanslåingsarbeidet som no går føre seg mellom ni kommunar i Sunnfjord, Ytre Sogn og Nordfjord. Der kan det no bli 10 kommunar som slår seg saman til ein.

Ole Gunnar Krakhellen

VURDERER TO ALTERNATIV: Ole Gunnar Krakhellen (H) er ordførar i Solund.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Eg har vel litt spøkefullt sagt at vi har meldt oss på i begge retningar, så få vi sjå om det er Nordhordland eller Sunnfjord som er det mest livskraftige vekstsenteret, seier Ole Gunnar Krakhellen som er ordførar i Solund.

Øykommunen ligg ved munningen av Sognefjorden og har ferjesamband både til sørsida og nordsida.

– Viss ein går inn for ei kommunereform, så er det dei to alternativa som utkrystaliserar seg, enten gå sørover eller nordover.

Ulike prosessar

Medan ein i Sunnfjord alt har skrive under ein intensjonsavtale, snakkar ein Nordhordland om 1. januar 2016. Krakhellen vil i dag ikkje peike på noko alternativ som meir realistisk enn det andre

– Eg kjenner meg i dag ikkje klar til å seie noko om korleis dei to alternativa ser ut opp mot kvarandre.

Kollegaen i Gulen er ikkje i tvil om kva som er alternativet for dei.

– Vi vender oss frøst og fremst mot Masfjorden og Modalen men vi vil gjerne ha med Solund også om dei ynskjer det sjølve, seier Oppedal.