Hopp til innhold

Gulen-pasientane får bruke Helse Bergen

Seks års ventetid er over. Helse Vest godkjenner Gulen sin søknad om å få vende seg til Helse Bergen.

Haukeland universitetssykehus

BLIR GULEN SITT SJUKEHUS: Haukeland universitetssjukehus blir i praksis gulingane sitt nye lokalsjukehus.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– No har vi landa konklusjonen mellom Helse Førde og Helse Bergen. Saka er klarert og overføringa er ordna, opplyser administrerande direktør Herlof Nilsen i Helse Vest.

Han orienterte i går ettermiddag styret i regionhelseføretaket.

Blir framleis ein del av Helse Førde

Herlof Nilsen

HAR FUNNE EI LØYSING: Administrerande direktør Herlof Nilsen i Helse Vest.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Føretaksgrensene blir ikkje flytta. Gulen får same modell som Eidfjord. Det betyr at vil lar kommunen ligge i helseføretaket ein har vore i, men vi opnar opp for at Gulen sine innbyggjarar kan nytte tenestene i Helse Bergen.

I praksis betyr dette at Gulen framleis ligg inne i Helse Førde sine økonomiske rammer, men dei må betale Helse Bergen for pasientar som blir behandla i Bergen.

– Dette er ei ordning som ikkje Gulen skal bli hefta ved, lovar Nilsen.

Legg seg flat for tidsbruken

Det var i 2010 at Gulen kommune søkte om å få vende seg til Bergen, av geografiske årsaker. Kommunen har fleire gonger purra på svar. Nilsen seier det har tatt tid, fordi ein først ville finne ei ordning for Hardanger-kommunen Eidfjord som ønskte seg vekk frå Helse Fonna og over til Helse Bergen.

– Vi ville avklare Eidfjord kommune først. Dette har aldri før vore gjort. Vi brukte eit par år på dette. Vi fekk så behandla Gulen i vårt styre i 2013. Deretter har ting stoppa opp. Det beklagar eg, og eg har tidlegare sagt at eg legg meg flat for dette. Det er ikkje godt nok, vedgår Nilsen.

Helse Vest-direktøren lovar no ordføraren i Gulen brev om at alle formalitetar er avklara, i løpet av dei nærmaste dagane.

Prehospitalt bygg, Helse Førde

FORLÈT HELSE FØRDE: På papiret vil dei framleis sokne til Førde sentralsjukehus, men drygt 2300 innbyggarar i Gulen vil no få sine sjukehustenester Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Glad og letta ordførar

– Eg synest det er veldig bra at dette er kome på plass. Det har vore uvisse både for legane våre og pasientane. Vi var byrja å seie opp avtalar med Helse Førde, og det var viktig å få ei rask handsaming, seier ordførar Halvard S. Oppedal (Sp) i Gulen.

Halvard Oppedal, ordførar i Gulen (Sp)

– HAR TATT ALTFOR LANG TID: Gulen-ordførar Halvard Oppedal reagerer på tidsbruken helseføretaka har brukt på kommunen sin søknad.

Foto: NRK

Han er oppgitt over at prosessen har tatt seks år.

– Det synest eg er mykje for lang tid. Det er for dårleg at ikkje Helse Førde og Helse Bergen har blitt einige, men eg er veldig glad for at Helse Vest no har skore gjennom.

– Kvifor vende seg til Bergen?

– Vi hadde ein lang prosess på om vi skulle ha legevaktsamarbeid med Førde eller Knarvik. Vi landa på Knarvik. Då er det klart at når ein pasient frå Gulen som kjem til Knarvik og skal sendast vidare til sjukehus, blir det bakvendt å sende han til Førde. Ein må vidare til Bergen. Det er først og fremst dette som er bakgrunnen, seier Oppedal som reknar med at dei fleste pasientar i Gulen vil nytte Helse Bergen.