Jostein Oddvar Berland, tidlegare dagleg leiar Vest Tank AS, no Alexela Sløvåg AS, er dømd til eit og eit halvt års fengsel for miljøkriminalitet i Gulating lagmannsrett.
Ordførar Trude Borsvik er glad over dommen og meiner innbyggjarane no får ei form for rettferd etter den dramatiske hendinga i 2007.
– Dette er på sin plass
Det var i mai for fire år sidan at to tankar eksploderte på selskapet sitt anlegg i Gulen. Folk på anlegget var i livsfare og eksplosjonen førte til helsefarlege utslepp.
Tidlegare rådgjevar innan kjemi, Karl Jan Erstad, er frifunnen. Den tidlegare styreleiaren i selskapet, Trond Emblem, vart også tiltalt i saka. Men han har vore sjukmeld og får saka si opp til neste år.
– Eg tenkjer det er bra at den tidlegare sjefen er dømd i denne saka. Eg trur folk opplever at det er på sin plass og at det er rettferdig, seier Brosvik til NRK.no.
– Retten har no plassert ansvar. Er denne saka over for innbyggjarane i Gulen?
– Saka er nok ikkje over nei. Det pågår framleis eit helseprosjekt i forhold til dette. Det er fire år sidan eksplosjonen og vi ønskjer og prøver å leggje det negative som var rundt denne hendinga bak oss. Men vi håpar at både vi og ikkje minst nasjonen Norge tek lærdom av denne ulykka.
Prioriterte økonomi framfor forsvarleg drift
Eksplosjonen medførte helsefarlege utslepp som førte til mellom anna kraftige betennelsesreaksjonar på slimhinner, kvalme og hovudpine for personar som opphaldt seg i nærleiken av bedrifta.
Den tidlegare daglege leiaren blei dømt etter alle tiltalepunkta, som gjaldt fleire brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova. Under straffutmålinga uttaler lagmannsretten mellom anna:
«I denne saka tilseier allmenne omsyn ein streng reaksjon. Den gjeld uløyves og uforsvarleg drift av eit anlegg med stort potensiale for alvorleg forureining og fare for liv og helse for arbeidstakarar og folk i grannelaga.»
Lagmannsretten meiner også at den tidlegare daglege leiaren prioriterte omsynet til å utvikle drifta for å få til gode økonomiske resultat framfor omsynet til forsvarleg drift.
– Fått betyding for omdømmet vårt
– Gulen er som andre kommunar avhengige av industri og at noko vil etablere seg og skape arbeidsplassar; har denne saka fått noko seie for omdømmet til kommunen?
– Dette har sjølvsagt hatt betyding for omdømmet vårt, men forhåpentlegvis ikkje på lang sikt. Det vart nok knytt negative assosiasjonar til kommunen etter eksplosjonen, seier Brosvik.
– Kva tiltru har innbyggjarane til selskapet i dag?
– Selskapet er no avslutta. Dei selde anlegget dagen før det small, og den nye bedrifta som kjøpte anlegget har ikkje fått kome i gang med drifta. Dei jobbar no med eit brannsikringsanlegg før dei går i gang med seie verksemd. Men dei skal drive med noko anna enn det som var der før eksplosjonen.