NRK Meny
Normal

Gulen-ordførar krev spesialistlegar

Gulen-ordførar Trude Brosvik krev at spesialisthelsetenesta må følgje opp helseplagene til innbyggjarane i Gulen.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Onsdag 02.07 la Folkehelseinstituttet fram ein rapport som viser at helseplagene innbyggjarane i Gulen har fått etter Vest Tank-ulukka, ikkje er skadelege på lang sikt.

Likevel vil Brosvik at storsamfunnet no kjem på bana.

LES ÓG: – Helseplagene vil bli borte

Oppfølging

– No må vi få til eit tilbod der staten, storsamfunnet, gir ei oppfølging til dei som ønskjer det, og som har vore sjuke, seier Brosvik.

Ordføraren krev at spesialisthelsetenesta må på bana.

Symptom

– Ein må setje dei beste legane ein har til å leite etter spesielle symptom som følgje av dei kjemiske forbindingane som har vore i Gulen-lufta sidan eksplosjonen, understrekar Brosvik.

Ho bestrider ikkje rapporten som Folkehelseinstituttet la fram, men seier at ho vil konfrontere miljøvernminister Erik Solheim med kravet om betre oppfølging når han kjem til Gulen neste veke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.