Innsparingane utgjer 4,7 millionar kroner neste år, men på lengre sikt skal dette gi innsparingar på 10 millionar kroner årleg.
Sparepakken inneber at barnehagen på Haveland blir lagt ned. Det skal sparast 1,3 millionar kroner i skulesektoren, i hovudsak ved å fjerne lærarstilingar. I omsorgsektoren skal det sparast 2,1 millionar kroner. Det betyr at tilbodet som døgnvakt på eldresenteret i Brekke og på Byrknesøy forsvinn. Alle psykisk utviklingshemma blir samla på ein stad, og får ikkje lenger bu i bustader knytt til nærmiljøet som i dag.
Skulestrukturen er derimot i første omgang freda i nokre månadar. Dei får tid på seg til mars i 2003 for å sjå om dei kan klare seg utan å endre ungdomsskulestrukturen.
På grunn av at Gulen kommune har hamna i eit økonomisk uføre har dei fått 7,5 millionar i skjønsmidlar neste år frå Fylkesmannen. Dei har og indirekte fått lov til å vedta eit budsjett som har eit underskot på 3,5 millionar neste år. Men likevel må det meir til for at gulingane skal kome seg ut av det økonomiske uføret.