Hopp til innhold

Gulen kan få 400 arbeidsplassar

Gulen kan få 400 nye arbeidsplassar når to av Norges rikaste kvinner satsar stort i boreriggbransjen. Ordføraren seier dette er viktig for kommunen.

Fensfjorden/Halvard Oppedal

NYTT EVENTYR: Det er i området ved Skipavik at søstrene Odfjell vil satse stort framover. Ordførar Halvard Oppedal gler seg over nyheita.

Foto: NRK

Avisa Bergens Tidende skriv at milliardærsøstrene Marianne og Helene Odfjell vil bruke det nedlagde ferjeleiet i Skipavika til å byggje eit anlegg for reparasjon og vedlikehald av oljeriggar.

Det er venta at denne type tenester framover vil bli ein milliardmarknad.

I første omgang er det snakk om mindre oppdrag, men alt frå neste år skal anlegget vere i stand til å ta i mot større oljeriggar for inspeksjonar.

Talet på riggar på norsk sokkel vil auke med femti prosent dei neste to åra, og difor blir det satsa på nye anlegg som kan ta unna den venta veksten i reparasjonar og vedlikehald, skriv avisa.

Gode nyheiter for kommunen

Dei to milliardærsøstrene har no gått saman med Gulen-investorane Lars Hellandsjø og Stein Inge Larsen om prosjektet. I første omgang er det snakk om investeringar i anlegget ved Fensfjorden på mellom 30 og 50 millionar kroner.

Gulen-ordførar Halvard Oppedal seier det er positivt og flott at kommunen kan få så mange nye arbeidsplassar.

– 400 nye arbeidsplassar vil bety skatteinntekter og busetnad for kommunen. Det er sjølvsagt ei positiv utvikling for oss, seier han.

Ligg godt til rette

Oppedal seier industriområdet blei kjøpt for eitt år sidan og arbeidet er godt i gang.

– Vegen på området er ferdig og snart er den første kaia klar. Det er veldig djupt i sjøen her og det er lite vêrhardt. Forholda ligg godt til rette for slik aktivitet, seier han.