Hopp til innhold

Gulen-firma vil danke ut Spotify

Beat.no lanserer denne veka landets første nettleserbaserte streamingteneste for musikk.

Simen Wilberg, Therese Trefall, Njål Wilberg og Linn Dyveke Wilberg i Beat.no

SPOTIFY-KONKURRENTAR: Gründerane bak Beat.no tek opp kampen mot Spotify. Simen Wilberg, Therese Trefall, Njål Wilberg og Linn Dyveke Wilberg starta selskapet i fjor.

Foto: Hans-Martin Martiniussen / Beat.no

Det vesle selskapet Beat.no frå Mjømna i Gulen tek opp kampen mot dei etablerte musikkgigantane Spotify og Wimp.

Går alt som det skal vil den nye tenesta vere klar allereie førstkommande fredag.

6 millionar låtar

– Vi har utvikla ei streamingteneste der ein kan høyre og få tilgang til seks millionar låtar. Ein treng ikkje laste ned programvare for ein får tilgang til alt på nettsida vår, seier dagleg leiar Simen Wilberg i Beat.no.

Dei fire gründerane bak nettsida, Simen Wilberg, Therese Trefall, Njål Wilberg og Linn Dyveke Wilberg, hiver seg dermed inn i den tøffe konkurransen i musikkmarknaden.

– Distribusjon av digital musikk er framtida. Med den kompetansen vi har, er Beat godt rusta til å bli ei sterk merkevare, seier Simen Wilberg til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skjermdump av Beat.no

BEAT.NO: Nettsida vart lansert sommaren 2010 som ein nettbutikk for mp3.

Foto: Skjermdump

Kostar pengar å bruke

Ifølgje Wilberg er fordelane med nettleserbasert streamingteneste at det er meir tilgjengeleg enn dei andre etablerte tenestane.

– Det er ein kjempestor fordel at ein ikkje må laste ned noko for å bruke produktet vårt. Ein treng berre gå inn på internett, logge på, og så har ein alle spelelistene og kan bruke musikken umiddelbart, seier Wilberg.

Beat.no sin streamingteneste vil koste 99 kroner i månaden, og Wilberg fortel at leverandørane av tenesta er opptekne av at artistane også skal få sin rettmessige andel av inntektene.

Vil bli store i Norge

Den nye musikktenesta kan ein bruka på datamaskin, iPad og mobil.

– Det er ein stor marknad som er på veg til å bli endå større. Spotify er veldig store, men det er rom for fleire. Vi har eit produkt som er heilt nytt, og målet vårt er å bli ein leiande musikkdistributør i det norske marknaden, seier Wilberg.

I dag har Spotify 750.000 betalande abonnentar, og Wilberg trur det blir vanskeleg å konkurrere dei ut med det første.

Beat.no vil først og fremst fokusere på å bli store i Norge, men på sikt vedgår han at dei har ambisjonar om å nå ut i resten av verda.

Dagleg leiar Simen Wilberg i Beat.no

HAR AMBISJONAR: Dagleg leiar Simen Wilberg i Beat.no har store ambisjonar for framtida.

Foto: Linn Dyveke Wilberg / Beat.no