Hopp til innhold

Gulen får kritikk etter eksplosjon

Gulen kommune får hard kritikk av Helsetilsynet for måten dei har handtert eksplosjonsulukka i Sløvåg på

Tankeksplosjon i Sløvåg.
Foto: Steinar Lote / NRK

Fylkeslege Petter Øgar meiner ingen tok ansvar for å samordne oppfølgjingsarbeidet etter ulukka, og at dette var ei oppgåve kommunen burde ha løyst, skriv Bergens Tidende.

Fleire svikt

Øgar rettar kritikken i eit notat til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Kritikken rettar seg særleg mot Gulen kommune som hadde beredskapsansvaret. Helsetilsynet meiner det svikta på fleire område.

- Både når det gjeld å koordinere innsatsen, dele informasjon og bruke dei ulike instansane sin kompetanse til å stille relevante spørsmål, skriv Øgar.

Stor uvisse

Innbyggjarane opplevde i etterkant av eksplosjonen helseplager og uvisse kring denne. Det tok fleire veker før dei fekk svar.

- Alt frå dag ein låg det føre informasjon som gjorde at Folkehelseinstituttet kunne sagt kva helseplager som måtte forventast, skriv Øgar. Helsetilsynet konkluderer med at ingen tok leiaransvar etter at det small.

- Kommunen sitt ansvar

- Ut i frå den kunnskapen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i dag, er den opplagte største svikten ved handteringa av Vest Tank-ulukka at ingenn tok eit samordnande leiaransvar i oppfølginga etter den akutte ulukka, skriv Øgar og legg ansvaret til kommunen.

- Kommuner er etter vårt syn den naturlege instansen.

- Ingen kommentar

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

Øgar stiller også spørsmål ved om små kommunar har god nok kompetanse til å handtere slike store saker.

Ordførar Trude Brosvik vil ikkje kommentere kritikken frå helstilsynet.