Hopp til innhold

Her vil bergensverksemda bruke 300 millionar kroner på ny gravplass for oljeriggar

Gamle og utsletne oljeriggar kan gi 30 til 50 nye arbeidsplassar i Gulen. – Dette er arbeidsplassar vi treng, seier ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

Gulen industrihamn

NY AKTØR: Gulen industrihamn får mest truleg ein ny aktør frå 2020.

Foto: Wergeland Base

Eit selskap i Bergen vil ifølgje Bergens Tidende starte demontering av gamle og utrangerte oljeriggar i Sløvåg i Gulen.

Bedrifta satsar på å ta imot oppdrag frå 2020.

– Opptil 30 oljefelt skal stengast ned dei neste ti åra. Då skal også riggane fjernast. Vi ser det er stort behov for ein aktør som kan kondemnere og resirkulere gamle riggar på ein god og ansvarleg måte, seier Eivind Wiik i Arise til avisa.

– Kjærkoment

Yme på Lutelandet

YME: Skandaleplattforma til 14 milliardar vart aldri brukt til oljeproduksjon. Siste åra demonteringa skapt arbeidsplassar i Fjaler.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje avisa har prosjektet ei investeringsramme på kring 300 millionar kroner. Verksemda har søkt om å få ta i mot 75.000 tonn maritime konstruksjonar årleg. I tillegg ynskjer dei å lagre inntil 300 tonn farleg avfall til ei kvar tid.

Metallet vil dei klippe opp i bitar og smelte om, medan stål skal fraktast til smelteverk i Nordland.

Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) seier til NRK at han er glad for arbeidsplassane.

– Vi jobbar for å auke busetnaden i Gulen, og då er arbeid ein viktig del av det. Dette er veldig kjærkome, seier han.

Ligg til rette for etablering

Hallvard Oppedal

GLAD: Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen er glad for meir aktivitet og fleire arbeidspassar på Gulen industrihamn.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Arisa vil etablere seg på Gulen industrihamn, eit område der det allereie er fleire beslekta selskap.

I tillegg til metall inneheld ein oljerigg store mengder ureinande stoff som PCB, kvikksølv, asbest og olje. Arise håpar å attvinne opp til 98 prosent av plattformane.

– Vi har eit forbrenningsanlegg for oljehaldig avfall og vi har eit normdeponi som tek seg av lågradioaktivt avfall, så det ligger veldig godt til rette for slik aktivitet. Når vi har dei bedriftene frå før, så vil det tiltrekkje seg slik aktivitet, meiner Oppedal.

– Du er ikkje redd for at det blir for mykje avfall?

– Vi er litt skeptiske på det, men det er klart at det er instanser som skal kontrollere dette. Det er viktig at dei følgjer opp.

Får ny konkurrent

Adm. dir. Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore AS

VELKOMNE: Dagleg leiar Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore ynskjer Arise velkomne som ny aktør i ein stor marknad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei slik etablering i Sløvåg blir ein direkte konkurrent for Lutelandet Offshore i Fjaler. I løpet av mars vil dei ha avslutta demontering av skandaleplattforma Yme. Verksemda har anbod ute, men står utan etablerte og signerte kontraktar når arbeidet er over.

Dagleg leiar Tor Gjertsen ser positivt på å få ein ny konkurrent.

– Det stadfestar vår egen forretningsidé og tru på at det er ein marknad som skal vakse opp framover. Det vil skjerpe konkurranselysta, så får vi sjå kven som stikk av med det lengste strået til slutt, seier han.