Hopp til innhold

Gulen er blitt samlingstad for riggar i opplag

Skipavika i Gulen er har sigla opp til å verte ein av dei største samlingsplassane i Nord-Europas for riggar utan arbeid.

Riggar i opplag

I OPPLAG: I Gulen ligg fleire riggar i opplag medan oljenæringa ventar på betre tider.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ved sjøkanten i Gulen ser dagleg leiar i Skipavika Terminal, Lars Hellandsjø ut over seks riggar og eit borskip som ligg i opplag.

– Vi har ei svært god hamn som ligg tett på oljefelta og det er skjerma for vêr og vind. Vi har og eit godt kaianlegg med moglegheit for landstraum og det trur eg er grunnen til vi har fått den posisjonen som vi har, seier Hellandsjø.

Nedturen i oljesektoren har ført til at det over heile Vestlandet ligg svære boreriggar i opplag, rett og slett fordi det ikkje er arbeid til dei.

Lars Hellandsjø

OLJENEDTUR GAV OPPSVING: Lars Hellandsjø er dagleg leiar i Skipavika Terminal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er klart oljeriggane helst skulle drift og ikkje ligge i opplag, seier Hellandsjø.

Lokale arbeidsplassar

Men i vente på betre tider er Skipavika i Gulen blitt ein av dei største samlingsplassane i Nord-Europa for boreriggar i opplag, Noko som har ført til oppsving for det lokale næringslivet.

Ei av dei som har merka det er Nina Kirka som er vertinne ved Skjerjehamn hotell.

– Det er fleire og fleire som brukar oss om overnattingsstad, og det er noko som vi set stor pris på seier Nina Kirka.

Nina Kirka

FÅR FLEIRE GJESTER: Nina Kirka (t.h.) er vertinne ved Skjerjehamn Hotell.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det betyr ein del lokale arbeidsplassar. Det er folk som tar seg av og ser etter riggane medan dei ligg i opplag. For vår del og for Gulen kommune sin del så betyr det litt, seier Hellandsjø.

– Ja, kva arbeidet er som vert gjort med riggane ligg her?

– I første rekke er det reint vedlikehaldsarbeid, at ein passar på at ting kan startast opp og går rundt. Det er klart at den dagen ein får nye kontraktar og riggane skal ut igjen, så blir det store oppdrag med klargjering, seier Hellandsjø.