Hopp til innhold

Gulen blir verande i Helse Førde

Gulen kommune får ikkje høyre til Helse Bergen i staden for Helse Førde, men får likevel nytte sjukehusa i Bergen.

Styremøte i Helse Vest

HELSE VEST OPNA DØRA FOR GULEN: Frå styremøte i Helse Vest. Herlof Nilsen til høgre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kommunen har for lenge sidan søkt Helse Vest om å få skifte helseføretak.

Men sjølv om styret i Helse Vest ikkje vil endre føretaksgrenser, vil dei likevel la Gulen kommune nytte Haukeland og Haraldsplass i Bergen som akuttsjukehus, seier adm. dir. Herlof Nilsen i Helse Vest.

– Vi flytter ikkje grensa mellom Helse Førde og Helse Bergen, men vi opnar opp for at dei får forhalde seg til Helse Bergen og bruke tenestene derifrå.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hallvard Oppedal

GODT NØGD: Ordførar Hallvard Oppedal.

Foto: Johan Moen / NRK

Godt nøgd

Dette er ordførar Hallvard Oppedal i Gulen godt nøgd med.

– Det er det praktiske som tel. I dag har vi legevaktsamarbeid med åtte kommunar og med legevakt i Knarvik. Og vi ville ikkje risikere at folk vart sende frå Knarvik til Førde berre fordi vi høyrer til Helse Førde. Det var mellom anna difor vi søkte om overføring.

Oppedal presiserer at dei i Gulen ikkje har noko imot Helse Førde.

– Vi kan gjerne vere med i Helse Førde reint organisatorisk, det viktige er at folk kan nytte sjukehusa i Bergen, slik eg oppfattar det gjeld det óg psykiatriske tenester.