Dette er klart etter at stortingspresident Dag Terje Andersen presenterte programmet for jubileet.
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tykkjer det er både gledeleg og naturleg at deler av grunnlovsfeiringa vert på den gamle tingstaden i Gulen.
– Dette er gledeleg fordi det vil auke merksemda om tusenårsstaden vår. Det i seg sjølv er viktig. Og det er naturleg fordi Grunnlovsjubileet er ei feiring av demokrati og menneskerettar. Tingtradisjonen er ein viktig del av framveksten av eit demokratisk og lovregulert styresett i Norge, seier Kjelsnes i ei pressemelding.
Markeringa på tusenårsstaden er lagt til 28. juni 2014. Datoen er valt fordi dette er den dagen tingmennene i historisk tid samla seg til ting.
Programmet for markeringa er framleis på planleggingsstadiet, men vi innehalde både kunnskapsbaserte og opplevingsbaserte innslag. Det vert sjølvsagt også ei formell markering av Grunnlova.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Markeringa på tusenårsstaden Gulatinget er eit samarbeid med Gulen kommune. Dette vert Sogn og Fjordane fylke si hovudmarkering i samband med Grunnlovsjubileet 2014.