Hopp til innhold

Gudvangatunnelen vart stengt etter melding om bilbrann – viste seg å vera damp

Gudvangatunnelen på E16 vart stengt etter melding om bilbrann. Men det viste seg å vera damp og tunnelen er no opna att.

Røyk frå Gudvangatunnelen, E16.

RØYK: Lys røyk kjem ut frå tunnelopninga på toppen av tunnelen.

Foto: Jonas Axelsson

– Vi fekk melding om røykutvikling frå tunnelen og vi rykte ut til tunnelen. Dei kunne fastslå at det var damp som var årsaka. Det var ein del damp i tunnelen som no vert lufta ut, seier Dan Inge Gjesdal på alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

På bilda frå tunnelopninga ser ein mykje kvit røyk, og Gjesdal seier det er noko som ofte kan skje i denne tunnelen sidan det har vore mykje spyling i det siste.

– Det er eit klimatisk forhold som gjer at det av ein eller annan grunn som gjorde at det danna seg røyk i tunnelopninga. Det er noko som er kjent i tunnelar, men på slike meldingar må vi rykke ut som om det var ein reel brann, seier han.

Full utrykking

To gonger dei siste åra har det vore brann i tunnelen. I 2013 tok eit vogntog fyr i tunnelen som gjorde at den vart stengt i lang tid, to år seinare tok ein turistbuss fyr i tunnelen og dette førte også til stenging i lang tid. Det gjorde at alle naudetatane vart sende ut.

– Vi pleier å vera ganske raske på labben når det gjeld den tunnelen der, og var førebudde på å senda ut mannskap frå Voss, men dei hadde nok ein mistanke om at det ikkje var brann, og bad ikkje oss om assistanse. No fekk vi akkurat melding frå vaktsentralen i Florø om at det dreidde seg om damp, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland.

tunnel

Frykta det verste

Blant dei første som kom til tunnelopninga var ein buss med studentar frå reiselivslinja ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Helene Maristuen

Helene Maristuen er lektor på Høgskulen på Vestlandet si reiselivslinje og var blant dei første som kom til tunnelopninga.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi var på veg inn i tunnelen og då vi kom fram til den var bommen nede og det kom røyk ut. Vi byrja å diskutera i bussen kva det var for noko og nokon nemnde at det kanskje var vedlikehaldsarbeid, men eg skjønte ganske fort at det ikkje var det. For det var ganske mykje røyk, seier lektor på Høgskulen på Vestlandet si reiselivslinje, Helene Maristuen.

Ho er glad for at dei ikkje køyrde inn i tunnelen.

– Eg gjekk ut av bussen for å henta sjåføren og då kjende eg ikkje noko røykeluft, men det var ganske kraftig røyk. Eg er veldig glad for at vi ikkje var inne i tunnelen då det skjedde. Eg hugsar jo godt dei brannane som har vore der tidlegare. Eg var ikkje der då, men eg hugsar brannen i Lærdal ganske godt. Det er ikkje noko kjekt når slikt ser og så er ein ekstra påpasseleg når ein har med studentar, seier ho.