«Norge tillèt kontroversiell plan om å dumpe søppel i ein fjord».
Slik startar den britiske storavisa artikkelen der dei omtalar fredagens historiske vedtaket om rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal. Artikkelen har i løpet av det siste døgnet blitt ein farsott på Facebook, og blitt delt hyppig.
Her kan du lese heile artikkelen frå The Guardian.
Fredag stadfesta moderniseringsdepartementet reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden. Dermed sette dei punktum for ein årelang dragkamp.
- Les også:
Den internasjonale avisa registrerer at fleire aktivistar varslar demonstrasjonar mot vedtaket og at fleire vil lenke seg saman for å stoppe vedtaket.
Næringsministeren
Avisa siterer også næringsminister Monica Mæland på at dersom Norge skal sikre seg framtidige arbeidsplassar og velferd, må Norge ha konkurransedyktige verksemder.
Mæland blir også siterte på at mineralnæringa kan vere ein motor for auka aktivitet og fleire arbeidsplassar i distrikta.
- Les også:
- Les også:
Vidare omtalar avisa både motstand frå Fiskeinteresser og marinbiologar sin motstand mot fjorddeponiet med at partiklar vil øydelegge livet i fjorden, og viser til at Erna Solberg nyleg sa at den norske lakseindustrien var like viktig for Norge som IKEA er for Sverige.
The Guardian avsluttar artikkelen med å vise til ordførarane som helsar vedtaket velkommen, men og at motstanden mot gruvedrifta hadde gjort prosjektet betre.