NRK Meny
Normal

Skuldar kvarandre for feilinformasjon

Naustdal Arbeidarparti går til frontalangrep på partikameratane i Førde, og Førde svarar med same mynt. Det bryggjer opp til gruvekrig på fylkesårsmøtet til helga.

Håkon Myrvang og Thor Erlend Mehammer

FULL SPLID: Håkon Myrvang i Naustdal Arbeidarparti (t.v.) og Thor Erlend Mehammer i Førde Ap er svært krasse i sine kritikkar av kvarandre.

Foto: Montasje: NRK

– Førde Arbeidarparti kjem med feilaktig informasjon og misvisande bruk av fakta. Vi har send brev til alle lokallaga for å få fram korrekt informasjon om dette store mineralprosjektet, seier Håkon Myrvang til NRK.

Han er ordførar i Naustdal og leiar i Naustdal Ap, og er svært kritisk til argumentasjonen mot gruvedrift som Førde Ap nyttar i eitt skriv til lokallaga.

– Kan meine kva han vil, det gjer det ikkje meir sant

Nordic Mining ønskjer å utvinne 300 millionar tonn rutilmalm over 50 år i Engebøfjellet i Naustdal. Planen er å dumpe overskotsmassane frå gruvedrifta i eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Arbeidarpartiet har så langt vore blant partia som er for gruvedrift, men det kan vere i ferd med å endre seg. Det er eit splitta parti som går inn mot fylkesårsmøtet til helga. Eit fleirtal på fem mot tre i fylkesstyret seier no nei til gruvedrifta, og store lokallag som Førde, Flora og Eid er mot gruvedrift på premissane til Nordic Mining.

– Vi har ikkje vore misvisande. Alt som står i brevet er fagleg korrekt og kjeldene er riktige. Myrvang kan meine kva han vil, men det gjer det ikkje meir sant, seier leiar i Førde Ap, Thor Erlend Mehammer, som seier dei vil svare på Myrvang sitt brev i kveld.

Djupt ueinige om konsekvensar av gruvedrift

Gruvesaka har ført til strid i årevis. Motstandardane i miljørørsla, reiselivet og sjømatnæringa har protestert og fryktar for livet i fjorden, medan forkjemparane har vist til at det vil skape mange nye arbeidsplassar. Ulike direktorat, forskingsinstitutt og oppdragsforskarar har laga ei rekkje rapportar og utgreiingar dei siste åra.

– I vårt brev har vi sitert fagekspertar. Vi lyttar meir til dei enn dei betalte aktørane Naustdal og Nordic Mining har henta inn, seier Mehammer i Førde Ap.

– Dette er veldig dryge påstandar. Det er heilt feil. Nordic Mining er pliktige til å betale og hyre inn dei fremste fagmiljøa til å hente fram fakta. Norsk lov er følgt til punkt og prikke i konsekvensutgreiingar som er gjort for Engebø, svarar Myrvang og Naustdal Ap.

Dei to partilaga er rykande ueinige i kva konklusjonar som bør trekkast frå dei omfattande undersøkingane som er gjort.

– Det han trekk fram som fakta i sitt brev har blitt tilbakevist av faginstansane. Det er utdatert, seier Mehammer.

– Det er jo berre tull. Konsekvensutgreiingane står ved lag, svarar Myrvang.

Gruvesaka ligg no i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.