Hopp til innhold

Gruvekampen vil prege 1. mai-feiringa

Kampen mot deponi i Førdefjorden vil prege 1. mai-markeringane fleire stader. I Førde reknar gruvemotstandarane å trekke meir folk til sitt arrangement, enn det tradisjonelle LO-opptoget litt seinare på dagen.

Oddvar Etnestad med demonstrasjonsmateriell

HAR MATERIELLET KLART: Oddvar Etnestad bur seg på 1. mai-protest mot fjorddeponi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg vil tru at vi trekkjer meir folk enn den andre markeringa. Det er ikkje tvil om at kampen om deponi har trekt mest folk dei siste åra, seier Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet.

I fleire år har motstandarane mot dei omstridde gruveplanane med deponi i Førdefjorden nytta 1. mai som markeringsdag.

Unnataket var i I fjor, då det verken vart demonstrasjonstog eller tradisjonell 1. mai-tog i Førde. Etter regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal, har miljørørsla mobilisert kraftig.

– Pågangen er stor. Det blir nærmast forventa at no må vi samlast, for dette likar vi ikkje. Ein har behov for å mobilisere og vise sin motstand mot prosjektet. Det skal også vere ei stor markering i Bergen 2. mai. Det er tydeleg at det er eit engasjement over heile landet, seier Etnestad.

Samlar seg i Førde

I år blir det dermed lagt opp til to store arrangement i Førde. Først ut er eit reint demonstrasjonsarrangement mot fjorddeponi på Utstillingsplassen klokka 11. Her er også Venstre, SV, KrF og Miljøpartiet dei grøne engasjerte.

– Vi markerer «Ja til ein rein fjord, nei til deponi», seier Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet. Det blir minglefrukost og ein god del appellar. Dette gjer vi i forkant av den felles offisielle 1. mai-markeringa.

Klokka 13 følgjer nemleg den tradisjonelle 1. maiarrangementet i regi av LO, dei raudgrøne partia og RV, i tillegg til Norsk Folkehjelp – og Naturvernforbundet.

– Vi blir med på dette også, men vi vil gjerne samlast i forkant og markere saka vår på ein god og skikkeleg måte, forklarer Etnestad.

Det er også venta at fjorddeponiet får merksemd i 1. markeringar andre stader i fylket, mellom anna i Florø.

Nils P. Støyva

GODTEK MILJØFOLKET: Nils P. Støyva i LO meiner det er uproblematisk at kampen mot fjorddeponi blir sentral i 1. mai-feiringa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er uproblematisk

Fylkessekretær i LO og fylkespolitikar for Ap, Nils P. Støyva er sjølv uttalt tilhengjar av fjorddeponiet i Førdefjorden. Han meiner det er uproblematisk at kampen mot deponi ser ut til å prege årets 1. mai-markering.

– Eg oppfattar dette som arrangement på ulike tider av dagen. LO, Ap og SV har eit arrangement i Førdehuset slik som dei alltid har hatt.

– Blir det kamp om merksemda i Førde?

– Nei, det trur eg ikkje.

– Blir det vanskeleg for LO-medlemmer å stille seg bak parolane mot fjorddeponi?

– LO har vore for gruvedeponi-planane, men eg reknar med at her blir det parolar både for og i mot. Arbeidarrørsla har ulike syn på denne saka. Då må ein også akseptere at det blir ulike parolar, seier Støyva.