Har rekna ut at Naustdal får ti mill kr årleg i eigedomsskatt av gruvedrifta

Gruvedrift i Vevring vil over ein 50-års periode gje Naustdal kommune ein halv millard kroner i eigedomskatt.

Øyvind Bang-Olsen

STORE INNTEKTER: Gruvedrift vil gje store inntekter i eigedomsskatt, seier Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Dette viser utrekningar Naustdal kommune sjølv har gjort. Pengane frå eigedomsskatten vil gå til investeringar og til betring av tenestetilbodet innan barnehage, skule og eldreomsorg.

– Kommunen må i dag kutte i drifta, så pengane vil kome godt med, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

Dumpe i fjorden

Om ikkje lenge skal sentrale styresmakter ta endeleg stilling til Nordic Mining sine planar for gruvedrift i Vevring i Naustdal. Engebøfjellet i Naustdal inneheld ein av verdas største førekomstar rutil, eit mineral det er stor internasjonal etterspurnad etter.

Nordic Mining har fått konsesjon for å utvinne rutil, og spørsmålet om 250 millionar tonn gruveslam kan dumpast i Førdefjorden ligg no til endeleg handsaming i Miljøverndepartementet

Må oppjustere planar

Bang-Olsen fortel at 10 millionar kroner ekstra i årleg eigedomsskatt gjer at investeringsplanen i kommunen truleg må oppjusterast.

Ole Erik Thingnes i samband med markering for levande Førdefjord

NEI: Sjølv med store inntekter i eigedomsskatt, seier Ole Erik Thingnes (SV) nei til gruvedrift i Vevring.

Foto: Alf Vidar Snæland

SV-politikar Ole Erik Thingnes i Naustdal kommunestyre fnyser av Bang Olsen sine eigedomsskatt-utrekningar.

– Eit reknestykke inneheld både pluss og minus. Det ein må ta med seg er å finne ut kva det kostar å tene desse pengane. Eg synest reknemåten til kommunen blir altfor enkel, seier Thingnes.

– Hypotetisk tal


– Så du tru ikkje kommunen vil kunne få 10 millionar kroner i året i eigedomsskatt
?


– Sidan eg ikkje har sett reknestykket deira, så er det vanskeleg å ta stilling til det. Men det er eit veldig hypotetisk tal. Det er lett å seie 10 millionar kroner i året i 50 år. Det er verre å hente pengane inn, seier han.

Seier nei


Men er det ikkje positivt for kommunen dersom ein får inn ekstra midlar i eigedomsskatt?


- Dersom det ikkje også har ei kostnadsside, så er det positivt. Men dersom ein går meir grundig inn i saka, så er minusane vel så store som plussane. Representantar frå fiskeri- og reiselivsnæringa har åtvara mot at ein risikerer mange arbeidsplassar ved å seie ja til gruvedrift, seier Thingnes.

– Skadar fjorden


– Du seier ein risikerer mange arbeidsplassar. Men gruvedrifta vil gje mange nye arbeidsdplassar. Kva kommentar har du til det?


– Ja, det blir vist til at det vil bli skapt ein del nye arbeidsplassar. Men det er ingen garanti for at dette blir arbeidsplassar for lokalbefolkninga. Det er ingen garanti for at folk vil busette seg.


– Kva vil vere det mest øydeleggande med ei eventuell gruvedrift?

Naturen og miljøet er den største faktoren som vil lide. Førdefjorden bør ikkje brukast som dumpinplass for gruveavfall, seier Thingtnes.

Lokalt fleirtal for gruvedrift

Eit klart fleirtal i Naustdal kommunestyre er for gruvedrift, og Harald Kvame frå Høgre er sterkt usamd med Thingnes.

– Ikkje berre Naustdal kommune, men heile regionen vil få auka inntekter dersom det blir gruvedrift. Det vil også bli skapt mange nye arbeidsplassar, langt fleire enn dei 170 som skal jobbe i sjølve gruva, seier Kvame.

Men vil ikkje ei omfattande dumping i fjorden gå hardt ut over fiskeriintresessene?

– Les ein konsekvensutgreiinga går det fram at det vil ikkje gå så hardt ut over fiskebestanden som mange vil ha det til. Klart gruvedrifta vil innebere ein del negative konsekvensar, men dei samla positive verknadene er klart større, seier Kvame.

170 nye arbeidsplassar

Nordic Mining viser til at gruvedrifta vil skape om lag 170 nye arbeidplassar. Investeringa vil kome på 1,5 milliardar kroner, og utvinninga vil gje årlege inntekter på 150 millionar kroner for selskapet.

250 millionar tonn

Det er planlagt ein utvinngsperiode på 50 år. I løpet av denne perioden vil det bli dumpa nærare 250 millionar tonn gruvemasse i fjorden. Etter driftsperioden vil gruveavfallet dekkje tre kvadratkilometer av fjorden og stikke 150 meter opp frå botnen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.