Hopp til innhold

– Viktig stad for demokratiutvikling i Norden

Sogn og Fjordane si markering av Grunnlovsjubileet vart halde i Gulatingsparken i Gulen laurdag ettermiddag, og vart ein stor folkefest.

– Det er berre eit ord som kan skildre denne dagen: fantastisk!

Det seier ordførar i Gulen kommune, Hallvard Oppedal.

Det er nok ikkje tilfeldig at hovudmarkeringa av grunnlovsjubileet vart lagt til Tusenårsstaden Gulatinget, som er ein viktig institusjon frå eldre norsk historie. Gulatingslova, den eldste skriftlege rettskjelda i landet, og i heile Norden, vert ofte rekna som eit grunnlag for dagens lover.

Også når grunnlova skulle skrivast i 1814, vart inspirasjon henta frå Gulatingsstaden og tingsamlingar, då det vart avgjort at nasjonalforsamlinga skulle kallast Storting.

– Det er veldig viktig at Grunnlova blir feira lokalt, og spesielt kjekt at det skjer på ein slik historisk stad, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

I talen sin sa Stortingspresident Olemic Thommessen at Gulatinget er det eldste norske eksempelet på at representantar frå lokale distrikt møtest for å delta i styringa av eit større område. Med andre ord representasjonsprinsippet, som er grunnlaget for dagens demokratiske styringssystem i kommune, fylke og stat,

Kor viktig staden har vore, kan nok lesast frå lista over arrangørar av Grunnlovsjubileet: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, KS, Den norske kyrkja og Gulen kommune.

Også oppmøtet reflekterer dagen, sjølv om det fine vêret sannsynlegvis hjelpte til.

– Det er svært mykje folk her, og dei skryt og kjem berre med godord. Programmet har gått heile etter planen. Sjølv om ein har planlagt godt er det alltid spanande om ein har gløymt noko når den store dagen er her, seier ordførar Hallvard Oppedal.