Hopp til innhold

Grunnlovas far og det store fallet i vest

Mannen bak Noregs grunnlov, Christian Magnus Falsen, fekk ein stor nedtur då han etter Eidsvoll-samlinga i 1814 blei fylkesmann i Sogn og Fjordane, viser nytt historieverk.

Riksforsamlingen på Eidsvoll av Oscar Arnold Wergeland

PÅ HØGDA AV KARRIEREN: Det gjekk ikkje så bra med Christian Magnus Falsen (ståande i midten) etter riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Måleri: «Riksforsamlingen på Eidsvoll» av Oscar Arnold Wergeland

Foto: Wikimedia Commons

– Det var alltid strid rundt Falsen, seier historikar Anders Timberlid ved Høgskulen på Vestlandet.

I eit nytt stort historieverk om Sogn og Fjordane har Timberlid skildra det store fallet til Falsen, ein av dei største personane i norsk historie.

Anders Timberlid, Høgskulen på Vestlandet og forfattar av fylkessoga for Sogn og Fjordane

NYTT HISTORIEVERK: – På Vestlandet kom Falsen ofte i konflikt med både vanlege folk, men òg dei som styrer, seier Anders Timberlid, ein av forfattarane bak «Soga om Sogn og Fjordane».

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I mai 1814 var han i ein posisjon der han kunne ha nådd dei aller største høgdene, men nedturen hans starta då han blei amtmann (fylkesmann) i Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane fylke). Det var eit steg tilbake frå den glitrande posisjonen han hadde i maidagane 1814, meiner Timberlid.

Under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 dreiv Falsen gjennom grunnlova på ein effektiv og rask måte og blir av mellom andre jusprofessor Ola Mestad omtalt som «den viktigaste mannen for grunnlova».

Høge husprisar i Oslo

Falsen stod på høgda av karrieren sin i maidagane i 1814. Men han var ikkje i den nære krinsen rundt danskeprinsen Christian Frederik. Det kan vera éi forklaring på at han måtte ta til takke med eit embete vestpå.

Men der var òg meir trivielle grunnar til flyttinga.

Christian Magnus Falsen

STRIDSMANN I VEST: Etter Eidsvoll 1814 blei Christian Magnus Falsen amtmann (fylkesmann) i Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane).

Foto: Wikimedia

– Falsen hadde stor familie og fann ut at det var frykteleg dyrt å bu i Oslo, humrar Timberlid.

– Han søkte difor på embetet og fekk jobben hausten 1814.

I september 1814 reiste Falsen over fjellet, og frå Bergen skulle han vera statens sin forlenga arm i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Grunnlovas far braut lova

Falsen blei oppfatta som eigenrådig og sta. Det gjorde at forholdet til andre kunne bli anstrengt.

– Til dømes biskopen i Bergen skreiv i dagboka si: «Amtmann Falsen – ett av de mennesker jeg aldri kan fatte rett tillit til», fortel Timberlid.

Falsen la seg ikkje berre ut med eliten. Også folket kom han på kant med.

1000-lapp, Christian Magnus Falsen

PRYDA 1000-LAPPEN 1990-2001: Christian Magnus Falsen skreiv utkastet til grunnlova saman med Johan Gunder Adler og er ein viktig person i norsk historie.

Foto: Norges bank

I 1815 kasta han seg inn i kampen for å bli valt inn på det fyrste ordentlege Stortinget for Nordre Bergenhus amt. Problemet var berre at Falsen budde i Bergen og ikkje i Nordre Bergenhus, som han etter lova måtte for å representera det amtet.

Like fullt greidde han å bli valt og møtte på Stortinget. Konstitusjonskomiteen oppdaga at han ikkje budde i amtet han representerte, men Falsen makta å overtala komiteen og fekk sitja på tinget.

To år seinare stilte han på nytt til val.

– Denne gongen var han smart og inngjekk avtale med presten i Eivindvik i ytre Sogn om å skriva seg inn i manntalet i Eivindvik. Men konstitusjonskomiteen godkjende ikkje den nye bustadadressa og erklærte valet av Falsen ugyldig. Dette var eit forferdeleg slag for han, fortel Timberlid.

Jakten på Norge er en dokumentarserie i 10 deler som handler om Norges historie fra 1814 og frem til i dag. I dette klippet fra program én får programleder Per Sinding-Larsen kikke på og bla i den norske grunnloven fra 1814.

SVT-programleiar Per Sinding-Larsen får sjå grunnlova som blei skriven av tipp-tipp-tipp-oldefaren hans for 203 år sidan.