Hopp til innhold

Grunneigarar vann mot staten

Grunneigarane i Bremanger gjekk til sak mot staten for å få stogga kraftlina gjennom Sørdalen Naturreservat. Og vann. Det treng likevel ikkje bety stogg for lina.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

VANN: Grunneigarane, her representert med Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust, vann fram i rettssaka mot staten.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Borgarting lagmannsrett har konkludert med at Klima- og miljødepartementet sitt vedtak i klagesak av 29. mai 2013 er ugyldig. Departementet gav Statnett dispensasjon til å leggje Ørskog-Fardal-lina gjennom naturreservatet i Sørdalen.

Samstundes finn lagmannsrettene at departementet må betale grunneigarane 1.5 millionar kroner i sakskostnader.

–- Det er godt å sjå at det vart realiteten. Vi hadde veldig god tru på å vinne den saka, men at dommen er så klar som den verkar for meg, er gledeleg, seier Lars Endre Myklebust.

Endra regelverket

Rettssaka er ei av fleire som har dukka opp i kjølvatnet av vedtaket om å leggje den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal gjennom Myklebustdalen i Bremanger. Stridens kjerne har vore det mykje omtala naturreservatet. Alternativet var Førdedalen.

Faginstansane frårådde å leggje lina gjennom Sørdalen. Dette oversåg olje- og energi-, samt Klima og miljødepartementet. Før rettssaka endra også staten på verneføreskriftene slik at desse opna for at kraftlina kunne førast fram som planlagt.

– Det dei prøvde på var ei desperat handling fordi dei såg at sjansane for å tape var store. No lurer eg på korleis dei stiller seg. Vil dei berre køyre på og bruke den nye føreskrifta for å komme seg vidare, seier Myklebust.

Kan likevel bygge

Om den aktuelle føreskriftsendringa skriv lagmannsretten at departementet alt frå første stund har kunne endra verneføreskrifta, i staden for å fatte eit dispensasjonsvedtak.

– Endringa i verneføreskriftene er etter lagmannsretten sitt syn eit middel for å komme «rundt» utfordringane som har oppstått i denne saka, skriv lagdommar Vincent Galtung.

Og nettopp denne endringa gjer at Statnett kan halde fram arbeidet. Sjølv om dispensasjonsvedtaket er ugyldig.

– Etter føreskriftsendringa er det no mogleg å framføre 420 kV kraftlina gjennom Sørdalen naturreservat i samsvar med OEDs konsesjonsvedtak av 21 desember 2011. Staten kan dermed framføre kraftleidningen gjennom reservatet uavhengig av utfallet i vår sak, skriv lagdommar Vincent Galtung.

Overraska over vedtaket

Borgarting lagmannsrett landa på ei heilt anna avgjerd enn Oslo tingrett landa på før jul 2013. Då vart miljøverndepartementet frifunne og grunneigarane måtte betale sakskostnader til både departementet og Staten.

Lagmannsretten uttrykkjer overrasking over at Olje- og energidepartementet gjekk for ein meir konfliktfylt og dyrare trase for lina.

Retten stiller ikkje behovet for kraft i tvil, men meiner likevel at situasjonen ikkje var så prekær at det var naudsynt med ein dispensasjon.

– Ei eventuell forseinking i framdrifta ut over dette ville uansett vore avgrensa til ei heilt normalt sakshandsamingstid dersom OED gjekk tilbake til den konsesjonsgjevne traseen gjennom Førdedalen.

– Bør få følgjer

Departementet vil ikkje kommentere avgjerda før dei har gått igjennom den saman med regjeringsadvokaten. Det har heller ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Statnett.

I Bremanger vel Myklebust å vente med feiringa.

– Det blir sjølvsagt ei god helg, men vi har lært oss å ikkje feire alt for mykje. Tilbakeslaga kjem så alt for fort, seier han og meiner avgjerda bør få følgjer for politikarar som har vore involverte i dei to sakene.

– Her bør Kontroll- og konstitusjonskomiteen ta tak. Dei har handla ulovleg i saka, seier Myklebust.

– No kan dette bety ytterlegare forseinkingar for kraftlina?

– Den risikoen har Statnett og Staten teke på seg heile vegen. Dei har bygt sjølv om dei har sete med ein ugyldig konsesjon.