Hopp til innhold

Grunneigarar til kamp mot staten

Fleire av grunneigarane i Nærøyfjorden har samla seg til kamp mot staten, det skriv Bergens Tidende i dag. Mange av grunneigarane i verdsarvfjorden meiner at det er store skilnader på kor mykje ein har fått utbetalt i erstatning i samband med vernestatusen til fjorden. Kring 30 personar skal ha fått utbetalt erstatning etter at fjorden vart verna i 2002, men mange fleire enn dette meiner at dei burde fått erstatning.

Nærøyfjorden - Fjord Norge
Foto: Katrin Moe