Hopp til innhold

Grunneigarar rasar mot Statnett

Grunneigarane i Bremanger rasar og føler seg rettslause, for Statnett har starta mastebygginga i eit naturreservat før saka er ferdigbehandla i rettssystemet.

I Bremanger starta Statnett måndag mastebygginga i eit naturreservat, før saka er ferdigbehandla i rettssystemet.
Grunneigarane rasar og føler seg rettslause.

SJÅ TV-SAKA: Statnett har starta utbygginga i naturreservatet før saka er ferdigbehandla i rettssystemet.

Måndag byrja Statnett arbeidet med å byggje dei omstridde kraftmastene i naturreservatet Sørdalen i Bremanger. Dette skjer medan striden er i rettssystemet.

Ifølgje grunneigarane kom skadane som no er gjort, som lyn frå klar himmel. Dei trudde det verna området ikkje skulle rørast før saka er ferdig behandla i rettssystemet. Ole Johnny Myklebust Elde seier det som skjer er ufatteleg.

– Det er rett og slett merkeleg at dei har starta, all den tid vi har klaga på dette, seier han.

Elde seier det skuffande at dei blir behandla slik av Statnett.

– Vi føler vi blir gjort rettslause, heilt og fullstendig. Det verkar som det ikkje skal vere nokon veg tilbake, om vi vinn fram eller ikkje i retten, seier han til NRK.no.

Tykkjer det er vanvitig

Det har lenge vore ein strid om kraftlinja. Den skulle eigentleg gå i Førdedalen, men Ola Borten Moe greip inn i 2011 og flytta den til Myklebustdalen der naturreservatet i Sørdalen ligg.

Grunneigarane tapte første runde i retten, men har anka. I tillegg ventar ei ny rettssak mot Miljøverndepartementet som sa ja til å byggje ut.

Brynjar Myklebust er også grunneigar i området og seier det er ufatteleg at Statnett har starta eit slikt omfattande arbeid i eit verneområde.

– Det verkar som det er om å gjere å få gjort mest mogleg for saka kjem opp i retten i desember. Det blir ikkje kjekt å sjå på dette i halvannan månad. Det er rett og slett vanvitig. No kjempar vi vidare og håper på den nye regjeringa og dei nye statsrådane, seier han.

Statnett: Vi har løyve til å byggje ut

Martha Hagerup Nilson

HAR LØYVE: Martha Hagerup Nilson i Statnett seier dei byggjer to mastepunkt i naturreservatet no.

Foto: Statnett

Statnett meiner dei har lov til å bygge ut, sidan dei allereie har vunne mot grunneigarane. Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson seier Statnett si oppgav er å sørge for trygg og sikker straumforsyning til Midt-Norge og Sogn og Fjordane.

– Det er bakgrunnen for at dei byggjer denne kraftleidningen. Vi har venta eitt år på å komme i gang i dette området og no har vi alle løyve på plass. Difor byggjer vi no, for vi er nøydde til å komme i gang, seier ho.

– Kvifor byggjer de ikkje først utanfor naturreservatet?

– Vi gjer begge deler, No skal vi ta to mastepunkt i naturreservat så held vi fram utanfor. Vi har starta her no fordi vi har tilgang og tilkomst til dei to mastepunkta.

– Gjør de mest mogleg no i naturreservat slik at det ikkje er mogleg å gå tilbake på det?

– Vi byggjer her no fordi vi har løyve til det, seier ho.