Hopp til innhold

Grunneigarar må betale millionbeløp frå eiga lomme etter storflaum

Fortvilte grunneigarar må ut med fleire millionar etter flaumskadane i Luster i fjor. – Hårreisande beløp, meiner ordføraren.

Andreas Wiese på den øydelagde vegen

STORFLAUM: Flaumråka må sjølv ut med enorme summar etter den dramatiske søndagen i Luster i fjor haust.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Svært mange grunneigarar fekk store naturskadar på eigedommane sine etter storflaumen i Fortunsdalen og Mørkridsdalen i fjor haust. Grunneigarane ba då om økonomisk hjelp.

Flaumråka innbyggjarar vil få naturskadeerstatning, men fleire får ikkje dekka meir enn ti prosent av kostnadane. Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen (Sp), er svært misfornøgd.

Ivar Kvalen

SKUFFA: Ivar Kvalen (Sp) er ordførar i Luster kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Utbetalingane ligg veldig lågt i forhold til takseringa av naturskadane. Dessutan har dette teke altfor lang tid.

Sogn Avis omtalte saka først.

Ordføraren fortel at skadane for fleire grunneigarar er på mellom to og tre millionar kroner, så det vil bli krevjande å betale.

Må betale over to millionar

Ifølge Luster-ordføraren hadde ein av grunneigarane takst på skaden på 2,4 millionar kroner, men har berre fått tilkjent ei erstatning på 220.000 kroner.

– Det er hårreisande at han må ut med så mykje, seier Kvalen.

Mannen som må betale over to millionar frå eiga lomme ynskjer å vere anonym, men seier følgjande til NRK:

– Det er heilt håplaust. Eg blir dårleg i magen. Det er så gale.

Grunneigarane kontakta Luster kommune for å vurdere klage og fekk ein tre vekers klagefrist. Dei har vanskar med å skaffe dokumentasjon, sidan dette må skje i fellesferien. No ber dei Landbruksdirektoratet om å få utsett klagefrist til 1. september.

– Vi vil vere veldig tydelege på at utbetalingane må stå i samsvar med flaumskadane, fastslår Luster-ordføraren.

Glad for å få drahjelp frå kommunen

Andreas Wiese er ein av mange som vart råka av storflaumen. Han fortel at han ikkje fekk dei største utgiftene, men deler likevel frustrasjonen til sambygdingane og ordføraren.

– Det er heilt umogleg for eit gardsbruk i Indre Sogn å kunne forsvare å bruke slike summar på å halde ei freda elv unna eigen eigedom, meiner han.

Wiese er bondelagsleiar i Luster og har prata med mange av dei andre grunneigarane. Han har registrert at det er store skilnader på utbetalingane.

– Dei fleste må betale mykje frå eiga lomme. Summane er enorme.

Andreas Wiese

FLAUMRÅKA: Bonden Andreas Wiese fekk dekka store delar av tapet. Han reagerer likevel på dei vanvittig store skilnadane på utbetalingane etter flaumen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Kva tenkjer du om at andre grunneigarar må ut med fleire millionar?

– Det er heilt uhaldbart. Det var ikkje dette vi blei lova då vi hadde møte med Landbruksdirektoratet og NVE rett etter flaumen i oktober.

Han legg til:

– Vi er veldig glade for at både ordføraren og kommunen har lagt tunga på vektskåla og bidreg til at vi får løfta saka opp på eit litt høgare nivå, seier Wiese.

Landbruksdirektoratet: – Høge erstatningskrav

– Då vi fekk søknadane etter oktoberflaumen i 2018 var mange av erstatningskrava på over 500.000 kroner, opplyser Alexandra Sunde i Landbruksdirektoratet.

Ved høge krav hentar Landbruksdirektoratet inn takst. I fjor låg store delar av skadane under snøen, så takseringa måtte vente.

Sunde forstår at søkarar kan bli skuffa dersom det er stor skilnad mellom taksten og den faktiske utbetalinga.

Vil de utsetje klagefristen slik Luster kommune og dei flaumråka ber om?

– Søkarane kan be om å få utsett fristen, men vi må halde oss til regelverket, som krev individuell behandling av sakene, fortel Sunde.