Grunneigarar får millionerstatning

Grunneigarane i Jølstravassdraget får 7,5 millionar kroner i årleg fallerstatning frå Sunnfjord Energi. Det har tingretten avgjort. E-verket har ekspropriert fallrettane i samband med bygginga av Jølster kraftverk, skriv advokatfirmaet Lund & Co. I utgangspunktet var tilbodet frå Sunnfjord Energi 700.000 kroner.