Hopp til innhold

«Vil vurdere å krevje riving av starta arbeid»

Etter ein kamp som har vart i tre år, kunne dei ni grunneigarane i Myklebustdalen endeleg juble fredag. Det vert inga kraftlinje gjennom dalen.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

SIGER: Grunneigarane fekk medhald i lagmannsretten, og no vert arbeidet i Myklebustdalen stogga. Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fredag fekk grunneigarane i Myklebustdalen i Ålfoten medhald i ankesaka si i Gulating lagmannsrett.

No får ikkje Statnett leggje kraftlinja gjennom dalen slik selskapet hadde planlagd.

– Då eg fekk første telefonen med beskjeden i dag, fekk eg gåsehud. Dette betyr veldig mykje for oss som har jobba med denne saka i snart 3 år. Det er ei utruleg god kjensle for oss ni grunneigarane som har stått så tett samla heile vegen, seier grunneigar Lars Endre Myklebust.

I september vann Statnett ei rettssak i Fjordane Tingrett. Men grunneigarane anka. Statnett har gjennom tidlegare vedtak og rettsprosessar fått godkjenning til å byrje arbeidet i Myklebustdalen, gjennom ei sokalla førehandtiltreding.

Sigeren for grunneigarane i ankesaka i Gulating lagmannsrett betyr at Statnett no må stanse all aktivitet i Myklebustdalen.

– Dette er noko vi har trudd på heile vegen. Men vi var i ferd med å miste trua etter kvart. Med ein slik dom vi fekk i dag har det vore verdt kampen fram til i dag, seier Myklebust.

Vedtak frå departementet ugyldig

I 2009 gav Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) Statnett konsesjon til å byggje og drive ei 420 kV kraftline frå Ørskog til Fardal.

På slutten av 2011 gjorde energiminister Ola Borten Moe ei trasèendring på kraftlinja som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Linja skulle etter planen gå gjennom Førdedalen, men vart i staden lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen.

Grunneigarane klaga saka inn til Sivilombodsmannen, som avgjorde å ikkje overprøve avgjera på rettslig grunnlag, og avslutta klagesaken. Etter å ha vore innom namsmannen og namsretten kom saka opp i Tingretten, der Statnett fekk mehald.

Men no har altså Gulating Lagmannsrett erklært vedtaket frå Olje- og Energidepartement i 2011 for ugyldig.

I den samrøystes rettsavgjerda frå lagmannsretten står det mellom anna:

«De ankende parter har prinsipalt gjort gjeldende at OEDs konsesjonsvedtak av 21.12.2011 er ugyldig fordi departementet har bygget på et feilaktig faktisk grunnlag. Anførselen er særlig knyttet til tre spørsmål, for det første feil faktum knyttet til hensynet om samlokalisering, dernest opplysningene om kommunens vedtak i saken og endelig faktum i klagevedtaket knyttet til barskogområdet Pyttane.»

(...)

«Ved lagmannsrettens samlede vurdering av disse forhold er den blitt stående ved at det faktiske grunnlaget for departementets vurdering av konsesjonsvedtaket har så store mangler at vedtaket i klagesaken er ugyldig.»

(...)

«Avveiningen bygget på et så vesentlig feilaktig faktisk grunnlag at det er overveiende sannsynlig at det kan ha påvirket utfallet av konsesjonsbehandlingen i klagesaken. Lagmannsretten er derfor ved sin prejudisielle prøving av klagevedtaket kommet til at vedtaket er ugyldig. Derved er også det rettslige grunnlaget for kravet om tiltredelse ugyldig, og Statnett SF kan derfor ikke få medhold i sitt krav om tiltredelse av rettighetene.»

Grunneigarane får også dekka sakskostnader på over ein halv million kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

SIGER: Grunneigarane fekk medhald i lagmannsretten, og no vert arbeidet i Myklebustdalen stogga. Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ny ankesak kjem opp seinare i år

Samstundes med denne rettssaka, som grunneigarane no har vunne, har dei ei anna sak gåande i rettssystemet. Denne saka gjeld om lina skal kunne gå gjennom Sørdalen naturreservat.

Oslo tingrett avgjorde tidlegare i år at kravet frå grunneigarane om arbeidsstogg i reservatet ikkje vart teke til følgje. Dermed kunne Statnett fortsetje arbeidet i naturreservatet. Grunneigarane har anka dommen.

Grunneigarane trur vedtaket frå lagmannsretten fredag, aukar sjansane for å vinne, også i kampen om naturreservatet.

– Dagens dom og det som står i han, gjer at vi føler oss enno tryggare på å stå løpet heilt ut. Dommen gjer at vi føler oss trygge på å vinne også den andre ankesaka i lagmannsretten, seier grunneigar Lars Endre Myklebust

Kva skjer med områda som allereie er utbygde?

Gjennom førehandtiltredinga har altså Statnett kunne starte utbygginga i Myklebustdalen.

– Dei har bygd ein av seks hovudtrafostasjonar her. Han er 90 mål stor. Dei siste vekene har dei også byrja å føre opp master, hevdar Myklebust.

Han seier skadane på området er store.

– Det er ein forferdeleg situasjon. Vi har hatt rett. Mykje er øydelagd. Å tilbakeføre dei områda til det ein gong var, er nesten ikkje mogleg, seier han.

Det står ikkje noko i dommen om kva som vil skje med områda der Statnett allereie har bygd.

– Vil vurdere krav og riving

Advokaten til grunneigarane, Magne Revheim, seier det finst to moglege vegar vidare.

– Enten vil Statnett anke saka til høgsterett, eller så vil dei søke Olje- og energidepartementet om ny konsesjon, hevdar Revheim.

Han har ikkje tru på at ein anke kan føre fram.

– Det er veldig avgrensa ankemoglegheiter i denne typen saker. Ei anke til høgsterett må gjelde saksbehandlingsfeil i lagmannsretten eller feil lovtolking. Eg kan ikkje sjå at noko av det er aktuelt her, seier han.

Dermed står ein ny konsesjonssøknad att, ifølgje advokaten.

– Dei kan søke om ny konsesjon om å få byggje linja i Myklebustdalen, men etter denne dommen må dei då ha eit veldig godt grunnlag. Alternativet er ein konsesjon om å byggje gjennom Førdedalen, seier han.

– Men kva er alternativa for det som allereie er bygd i Myklebustdalen?

– Om det ikkje finst andre gode løysingar, vil grunneigarane vurdere å krevje at det vert rive, på Statnett si rekning.

Statnett tek dommen til etterretning

Kva er Statnett sin reaksjon på dommen?

– Statnett tek dommen frå Gulating lagmannsrett til etterretning. Vi vil derfor no starte dei naudsynte førebuingane for å kunne avslutte det arbeidet som pågår i Myklebustdalen så fort det lar seg gjere, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett region midt, Martha Nilson.

– Du seier det pågåande arbeidet: Kor mykje har Statnett allereie gjort i området?

– Vi har starta arbeidet med ein transformatorstasjon. Vi er også godt i gang med å byggje fundament til master, seier ho.

– Dette må no stoggast: Kva er konsekvensane for Statnett?

– Vi vil nytte ei viss tid til å gå gjennom dommen før vi kan uttale oss nærmare om kva denne rettsavgjerda betyr for heile prosjektet Ørskog–Fardal, og kva vi skal gjere vidare.

– Har de ein moglegheit til å anke, og vil de i så tilfelle anke dommen?

– Som sagt skal vi no bruke tid på å gå gjennom dommen før vi kan uttale oss nærmare om kva vi skal gjere vidare.

– Grunneigarane seier at arbeidet som er gjort har ført til store øydeleggingar: kva er Statnett sin kommentar til det?

– Vi har utført eit arbeid som er lovleg, etter vedtaket frå Olje- og energidepartementet. Og vi har fått alle tillatingane i tidlegare rundar i retten.

– Grunneigarane seier dei vil vurdere å krevje at arbeidet som er gjort vert rive på Statnett si rekning: kva seier Statnett til det?

– Vi må bruke tid på å gå gjennom dommen, og vurdere kva vi gjer vidare, seier Nilson.

– Grunneigarane trur at denne dommen vil gjere at dei også vinn saka om naturreservatet: Kva er Statnett sin kommentar?

– Som sagt må vi bruke tid på å gå gjennom dommen, og vurdere konsekvensane av han.